Lærer om gamle dagar og kva eit museum er

Potetkaker og eplesaft

Elevar i 9. klasse frå Eid ungdomsskule har steikt potetkaker og pressa eplesaft på Nordfjord Folkemuseum.

Potetkaker: Vanleg i kosten for nokre tiår tilbake, og god utnytting av ressursane på garden. Denne veka har elevane ved Eid ungdomsskule mellom anna lært å lage potetkaker.   Foto: Nordfjord folkemuseum

Om gamle dagar: Elevane har lært om livet slik det var i gamle dagar. Både med praktiske gjeremål og informasjon.   Foto: Nordfjord folkemuseum

Nyhende

I løpet av ein knapp månad er 320 elevar innom Nordfjord Folkemuseum for å lære meir om kva eit museum er. Elevane ane i 9. klasse i heile fylket skal besøkje eit av musea i Sogn og Fjordane denne hausten.

– Målet er å fortelje om kva vi driv med på eit museum, kvifor vi finst og kva som er unikt med vårt, fortel formidlingsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Eva Marie Felde.

Prosjektet er eit tilbod i «Den kulturelle skulesekken», og har fått namnet «Tidskapselen». Elevane skal mellom anna tenkje ut kva fem ting dei ville teke vare på og presentert for 14-åringar om 100 år.

Nysgjerrige elevar

Etter planen er dette eit prosjekt som ein ynskjer skal bli eit årvisst opplegg for 9. klassane. Nordfjord Folkemuseum ynskjer å gje elevane eit «snapshot» av korleis livet var i 1750 og 1850.

– Å stige inn i Sætastova frå Loen er nærast som ei tidsreise, og det kan vere vanskeleg å ta inn over seg at det faktisk har budd folk der. Det har skjedd så mykje på 250 år at eg trur det er viktig å gje elevane eit handfast bilete av dåtida. Det er noko dei kan få her hjå oss og som ikkje let seg gjere på skulebenken, seier Felde.

Og dagen på museet skal vere noko litt utanom det vanlege. I tillegg til omvising i nokre av husa får elevane lage og steike potetkaker, laga av korn som dei kverner sjølve og dei pressar edle dråpar med eplesaft.

– Når ein gjer noko praktisk blir det alltid enklare å hugse det vi snakkar om. At poteta faktisk var ei nyvinning i norske heimar på 1800-talet, og at ein kan bruke eple som er litt stygge og småskada til å lage verdas beste juice, er ofte litt overraskande for ungdomen. Og det har vore viktige tilskot i kosthaldet til folket her i generasjonar.

Nytte ressursar

Elevane får også ei innføring i korleis ein på kreative måtar har klart seg gjennom uår ved å utnytte ressursane i kring seg.

– Her kan ein trekkje parallell til årets tørre sommar. Medan staten og styresmaktene har blitt ein viktig aktør i folk sine liv i dag, så var det i mykje større grad opp til kvar enkelt når uåra råka før.