Etterlyser kandidatar til pris

Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få fylkeskulturprisen 2018?

  Foto: Ingebjørg Nilsen STokkenes

Nyhende

No ønskjer fylkeskommunen framlegg til kandidatar. Prisen har tidlegare gått til mellom andre Malakoff Rockfestival, Oddbjørn Hjelmeset og Dans uten grenser.

Prisen går til einskildpersonar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane. Prisvinnaren må ha vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege, ha talent eller vise kreativitet og evne til nyskaping.

Prisen er på 50 000 kr og eit diplom. Utdelinga skjer i samband med fylkestinget i desember.

I fjor gjekk prisen til Kristin Sønnerheim for arbeidet med å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta.