Søndag starta med at Johan-Olav Smørdal Botn, som representerer Stårheim IL og privatlaget Team Hugaas, stod opp og kjende at kroppen og beina var litt tunge.
– Eg var ikkje heilt i god form, så på den første runda var det berre å henge på dei raskaste. Då eg kom ut på andre runda måtte eg fokusere på meg sjølv, og ikkje henge på ein rygg berre for å halde ryggen til nokon. Etter liggjande skyting, var det berre å ha fullt fokus på ståande. På siste skyting var eg veldig uroleg, og var godt nøgd med å få ned fire blinkar, fortel Johan-Olav som skaut 19 treff og gjekk inn til bronse på fellesstarten under NM rulleskiskyting som vart arrangert av Drangedal IL på Gautefall.