Rundt 50 møtte fram for å diskutere sentrumsutvikling på Nordfjordeid

Ulike synspunkt om sentrumsutvikling

Måndag inviterte Eid kommune til møte om sentrumsutvikling på Nordfjordeid. Kor vegen vidare skal gå var det delte meiningar om.

Bra frammøte: Det var stort engasjement blant dei som hadde tatt turen til Eid kommune sitt folkemøte om sentrumsutvikling. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det var ei god blanding av folk frå næringsliv, sentrumsbebuarar og politikarar som hadde tatt turen til rådhuset og folkemøtet om sentrumsutvikling som Eid kommune inviterte til. Eid-ordførar Alfred Bjørlo orienterte kort Eid kommune sin revisjon av kommuneplanen sin arealdel, der målet er å fastsetje ei sentrumsavgrensing som tek omsyn til og ynskje om eit berekraftig og attraktivt sentrumsområde.