Må rivast innan 1.juli 2019

Nyhende

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Mørenett AS konsesjon for å drive kraftleidningen 66 kV Straumshamn – Leivdal og Straumshamn transformatorstasjon fram til 1.7.2019. Anlegga skal vere rivne innan denne fristen.

Rivinga av Straumshamn transformatorstasjon og 66 kV-leidningen Haugen – Straumshamn – Leivdal inngår som ein del av ei større omstrukturering av 132 kV og 66 kV-nettet, som igjen har samanheng med etablering av 420 kV Ørskog – Sogndal.

Leidningsstrekket mellom Haugen og Straumshamn vart rive i 2013.