Lagar sentrumsanalyse

Asplan Viak er engasjert av Eid kommune for å lage ein sentrumsanalyse.

Asplan Viak: Gunnar Berglund og May-Britt Hernes  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Sentrumsanalysen vil kome i etterkant av folkemøtet som vi har her i dag. I arbeidet med analysen er det viktig for oss å få med oss innspel frå politikarar, næringsliv og ikkje minst frå folk som bur i kommunen, sa Gunnar Berglund og May-Britt Hernes som la fram ei rekkje spørsmål som dei frammøtte på folkemøtet vart invitert til å svare på. – Vi er imponerte over engasjementet, sa dei etter møtet.