Travel dag for kontrollørane

Statens vegvesen hadde ein travel dag på Kjøs kontrollstasjon torsdag.  

Illustrasjonsfoto.  Foto: Fjordabladet

Nyhende

Toalt vart 28 av 38 køyretøy som var innom kontrollstasjonen på Kjøs kontrollerte. Tre førarar fekk åtvaring for brot på køyre og kviletids regelverket. Ein varebil måtte laste av grunna for høg vekt. Eit firma vart fekk 8000 kroner i gebyr for ugyldig bombrikke. Ein førar fekk gebyr for ikkje å ha med seg vognkort. Eit firma fekk 8.300 kr i gebyr for overlast. Ein førar vart meldt for manglande førarrett for vogntoget han køyrde. Eit køyretøy mangla godkjenning på fartsskrivaren og vart følgd til verkstad for calibrering av skrivaren.