Løp for livet

Lokalmiljøet slår ring om kreftsjuk Olivia

Då 10-årige Olivia frå Haugen i Eid fekk kreft i vår, møtte familien eit lokalmiljø som gjerne vil stille opp. Søndag under Eidamessa skal det arrangerast løp for livet for å støtte kreftsaka.

Linda Beate Svoren, pappa Ove Jørgen Haugland med sonen Emil, Hilde Marie Midthjell og Lisa Skarstein ved dei gule rundballane som symboliserer støtte til barnekreftforeininga.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

F.v. Henning Haugen, Hilde Marie Midthjell, Lisa Skarstein og Linda Beate Svoren stiller opp og arrangerer løp. Her saman med pappa Ove Jørgen Haugland og sonen Emil.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Søndag 16. september vert det arrangert «Løp for meg» i Malakoff/Plassen.

– Eg søkte på vegner av Eid Fotball, og Henning Haugen søkte på vegner av Klenkarberget Sommarcamp. To søkjarar som begge tenkte på Olivia. For å ikkje ha to arrangement så nær kvarandre, slår vi det i hop til eit stort løp, fortel ein av initiativtakarane, Lisa Skarstein. Ho håper mange vil stille opp på det symbolske løpet der alle inntekter går til Barnekreftforeningen. Ideen er at friske barn spring for sjuke barn.

– Vi håper det vil koke med folk i Malakoff. Det vert eit sosialt arrangement både for store og små, og det vert konsert med Vilde & Anna, fortel dei.

Dei lokale arrangørane opplever velvillige sponsorar over heile linja, noko som gjer det mogleg med premie og t-skjorter til alle, kiosk og matservering.

Eldstejenta sjuk

Bak det heile ligg alvoret at ein barnefamilie på Haugen opplevde alle foreldre sin store skrekk. Eldstejenta Olivia fekk diagnosen med ein sjeldan type hjernesvulst.

Mamma Malin Hagevik Aare og pappa Ole Jørgen Haugland har også tre yngre barn på 7, 4 og 2 år. Midt oppe i sjukdom og tøffe tider med cellegift skal også eit familieliv med småsøskena fungere.

– Det var rundt juletider at Olivia begynte å bli sjuk, først med kvalme, og lysskyheit var det siste før det sa pling hos legane, fortel pappa Ole Jørgen som er bonde. Mamma Malin er sjukepleiar og frykta det verste.

Olivia var ei aktiv jente som spelte piano og song i kor, og som også hadde vore med i fri-idrett i heimbygda.

Til Tyskland for hjelp

I dag får den no tiårige jenta cellegift, der det vert starta opp behandling kvar 14. dag. Kvar kur tar gjerne tre-fem dagar. No har ho nettopp vore på sjukehus for å få sin 8. gang.

– Det har gått utruleg bra til no, og vi som foreldre har vore med kva sin gong. Vi er heldige som får god hjelp heime frå familie og vennar, seier han.

Neste steg av behandlinga er stråling, og det vert vurdert om ein skal operere meir. Om seks-åtte veker reiser ein til Tyskland for å få meir hjelp.

– For å få det beste for Olivia er Tyskland det beste alternativet, fortel pappa Ole Jørgen.

Robot på pulten

På Olivia sin pult i klasserommet på Haugen skule står det i dag ein robot. Gåva frå Gjensidigestitelsen gjer det mogleg for henne å sjå og prate med klassekameratane, sjølv om ho fysisk ikkje er til stades.

– Det gjer at ho kan kommunisere med dei, fortel pappa.

– Det er fantastisk at det finnast slike hjelpemiddel, kjem det frå heiagjengen på sidelinja. Dei er ikkje tvil om at medelevane er nysgjerrige på denne roboten til klassevenninna.

– Det er veldig kjekt at folk bry seg, seier pappaen.

Mamma Malin starta også ein innsamlingsaksjon for Barnekreftforeningen på Facebook. Gjevargleda har vore stor og heile 114.000 kroner kom inn.

Kan ramme alle

– Kreft kan ramme kven som helst. No håper vi at det vert ein fin familiedag i Malakoff den 16. september. Der kan barn springe for sjuke barn, men vi har ope så også andre kan vere med i løpet, seier Lisa Skarstein. Dei håper at mange stiller søndagen før butikkane opnar på Eidamessa.

– Fleire har allereie meldt seg på å vere med, men vi tar imot påmeldingar og håper at mange stiller, seier dei.