Prøv vikinglivet på Eid

Om sju månader opnar vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid. Men allereie under Eidamessa kan du få ein forsmak på vikinglivet.

Kjell Bråthen har formidla vikingmusikk i over tjue år og kjem til vikingstaden Eid under messa.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Også i år blir det vikingmarknad under Eidamessa. Denne blir lokalisert i området mellom Esso og Normatic frå fredag til søndag. På programmet står alt frå vikingkamp og parade, til trearbeid og veving. Arrangør er Møre frie vikingar i samarbeid med elevar ved vikinglinja på Fjordane folkehøgskule.