Inviterte til aktivitetar i Sagaparken

Laurdag inviterte Diabetesforbundet i Indre Nordfjord til aktivitetsdag i Sagaparken på Nordfjordeid.

VIKTIG MED SIKKERHEIT: – Det er viktig at både dei som ikkje har prøvt før og foreldra føler at det er trygt, seier Åse Huse. Firmaet hennar UtavHuse var leigd inn for å drive med opplæring av dei unge kajakkpadlarane saman med Sølvi Hunvik. Dei fleste kajakkane var lånt ut frå BUA. Røde Kors med båt vaka i utkanten og var med på å passe på at det var trygt å prøve seg ute på fjorden.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende


– Eit flott tiltak at ein har slike arrangement. Det er sosialt, du får fagleg input og treff andre i same situasjon, seier Ulf Inge Kjerpeseth, far til Magnus (9) som fekk påvist diabetes for nokre år sidan.