Sykkelparkering ved skulane

Arkivfoto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes 

Nyhende

Kommunestyret  i Eid har vedteke å løyve 530.000 kroner til anlegg for sykkelparkering ved Nordfjordeid skule og Eid ungdomsskule. Desse anlegga er dermed fullfinansiert, og vil bli bygd med det første.

Det vil samla verte kring 150 oppstillingsplassar og tiltaket må ferdigstillast i løpet av hausten.

Vigdis Heimdal Reksnes (SV) kommenterte at det er ganske mykje pengar per sykkelparkeringsplass.

Kommunalsjef Elin Leikanger forklarte at det er snakk overbygde sykkelstativ, liknande dei som i dag står ved Eidahallen.

Kommunestyret vedtok også å setje av 450.000 kroner til anlegg for sykkelparkering ved Hjelle, Haugen og Stårheim skule, under føresetnad av tilsvarande finansieringsbidrag frå Statens vegvesen.

Kommunestyret ynskjer også å få utgreidd sykkelparkering ved Eid vidaregåande skule, Fjordane Folkehøgskule og Kjølsdalen Montessoriskule, slik at alle skulane i Eid får overbygde anlegg for sykkelparkering, i tråd med Eid kommune sine mål om auka sykkelbruk.