–Vi i Hei og Hå 4H meiner det er viktig at vi brukar naturen, og ikkje minst området der vi no offisielt opnar 4H-klubben sin «Draumeplass». For oss er det veldig stort å kunne opne ein plass som dette, sa Anna Kupen, leiar i Hei og Hå 4H, og som var med i styret i 4H-kubben første gong då ho var 12 år.

Bli betre kjent

–Draumeplassen er meint å bidra til at folk i den nye kommunen, Stad, skal bli betre kjent med kvarandre. Alle som har lyst til å besøke plassen er velkomne. Vi på Bryggja, og 4H-klubben Hei og Hå, ynskjer å styrkje tilhøve til folk i den nye kommunen og vise litt av det midtdelen av kommunen har å tilby. I sommar har det vore hektisk dugnadsinnsats med bygging av gapahuken ved Lefdalsvatnet. Folk frå Bryggja og frå bygder i både Eid og Selje har lagt ned stor innsats for å få bygget ferdig nok til opninga som altså var søndag, sa Anna Kupen som kunne fortelje at det har vore to dugnadar i veka gjennom heile sommaren.

Gode møteplassar

–Eg er veldig glad for at vi har blitt invitert hit i dag. Å lage plassar som den vi opnar i dag er i tråd med måla Stad 2020 har i arbeidet med å bygge ein ny kommune, som også Bryggja blir ein sentral del. Stad 2020 sitt samfunnsmål er mellom anna å skape ein kommune der alle dreg i same retning.

Mange vil sikkert oppfatte dette som heilt sjølvsagt, men vi veit at for å få det til må alle vere med å bidra. I det arbeidet er det å lage gode møteplassar, i det store og i det små, viktig. Det kan vere ein benk langs vegen, eit forsamlingshus, eller ein naturmøteplass som den vi skal opne her i dag. Denne plassen er eit flott døme på korleis ein skaper gode lokalsamfunn der alle er med og bidreg, sa Alfred Bjørlo før han skar over snora saman med Jan Vidar Smenes, varaordførar i Selje, og Hilde Sværen, organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane 4H.

Imponerande raskt

Som ein del av etablering av naturmøteplassar som «Draumeplassane» er yter Gjensidigestiftelsen 100.000 kroner. Det har også 4H-klubben på Bryggja fått.

–I år er det tredje året at Gjensidigestiftelsen har hatt denne ordninga. I Sogn og Fjordane er det i dag 12 naturmøteplassar som er bygde, eller som er under bygging. Midlane frå Gjensidigestiftelsen er berre ein del av finansieringa. Kor mykje kvar av plassane kostar, kan eg ikkje seie nøyaktig, men eg trur nok at vi kan multiplisere 100.000 med 2,5. Dugnad er ein stor og viktig del av bygging av naturmøteplassar og Draumeplassar. Det er «Draumeplassen» til Hei og Hå 4H eit døme på. Her har heile lokalsamfunnet stilt opp, både når det gjeld opparbeiding av området og tilverking av materialar. Eg har forstått det slik at materialane til gapahuken her ved Lefdalsvatnet er skore på lokal sag, og at området er opparbeidd av lokale krefter. Det er imponerande å sjå. Eg er også imponert over kor fort det gått. Bygginga starta i juni, og no er det berre litt arbeid som står att, før alt er ferdig, sa Hilde Sværen, organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane 4H, som var med på opninga av «Draumeplassen» ved Lefdalsvatnet.

Mange frammøtte

Det var imponerande mange som hadde tatt turen til Lefdalvatnet søndag.

–Det er nok eit prov på kor viktig det er med slike plassar, sa Anna Kupen.

Leiar: Anna Kupen, leiar i Hei og Hå 4H på Bryggja, takka Stad 2020 for hjelp med å avvikle arrangementet. Foto: Tormod Flatebø
Kappa snora: Hilde Sværen (nummer to frå venstre), organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane 4H, stod saman med Jan Vidar Smenes, varaordførar i Selje, og Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, for den offisielle opninga og kapping av snora. Foto: Tormod Flatebø
Flott plass: Draumeplassen til Hei og Hå 4H ligg fint til ved Lefdalsvatnet som ligg litt i Eid kommune og litt i Vågsøy kommune. Foto: Tormod Flatebø
Stort Frammøte: Svært mange hadde tatt turen til Draumeplassen ved Lefdalsvatnet og den offisielle opninga. Foto: Tormod Flatebø
Skumleskogen: Skiltet åtvara om at ein no var kome inn i «Skumelskogen». Foto: Tormod Flatebø
Full kontroll: Denne jenta hadde full kontroll på snora som skulle kuttast og markere den offisielle opninga av hennar «draumestad». Foto: Tormod Flatebø
Småtroll: Småtrolla i «Skumelskogen» var over alt. Foto: Tormod Flatebø
Fiske: Om det var nokon som fekk fisk er vi ikkje heilt sikre på, men det var mange som prøvde. Foto: Tormod Flatebø