Torsdag starta nytt barnehageår, og då vi stakk innom onsdag var det hektisk aktivitet for å få alt klart.

– Men vi skal klare det, smiler styrar Silje Myklebust, medan ho viser rundt.

Småbarnsavdelinga blir no delt i to grupper. Her er det til saman 18 småbarn under tre år.

Ein har mellom anna pussa opp bad, fått nytt stellebord, og nye vaskar er montert lågt for å vere tilpassa små barn. Ein har fått ny garderobe til småbarnsavdelinga, og det er laga ein stor garderobe til storavdelinga. Onsdag var ein også i full gang med å ordne uteområdet.

Fleire barnehageplassar

Det blir stadig fleire barn i Kjølsdalen. Bygda har siste åra opplevd at fleire unge par har flytta heim, eller at tilflyttarar utan familiær tilknyting har likt seg så godt at dei blir verande.

Barnehagen merkar også det aukande barnetalet, og søkte tidlegare i år om å få auke talet på plassar.

– No har vi fått auka frå 30 til 38 plassar, og det er lokale ungar frå Bryggja og Kjølsdalen krins som går her. Vi har nokre få ledige plassar igjen, fortel Myklebust.

Styrar Silje Myklebust viser fram det nye toalettet, medan Gjermund Dale monterer dei siste låge vaskane tilpassa små barn. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes