Det seier Rune Bruvoll som bur i bygda Høynes i Eid kommune.

–Eg reagerer kraftig på at dei nye adressene meir eller mindre raderer ut bygdene langs riksveg 15, eller Nordfjordvegen som er brukt som adresse til dei som bur langs eller i nærleiken av vegen. Nordfjordvegen startar i Stryn og endar opp i Måløy. Når du køyrer langs riksveg 15, og kjem ut dit eg bur, så står det skilt som fortel deg at no er du komen til Høynes. Slik eg ser det ville det vore heilt naturleg at stadnamnet Høynes var ein del av adressa vår. Til dømes Rune Bruvoll, Nordfjordvegen nr. x, Høynes, seier han.

Uforståeleg

–Eg kan ikkje skjøne anna enn at ei langt tydlegare presisering av kor folk bur også ville vere til god hjelp for naudetatane når dei må rykke ut. Bygdenamnet har vi brukt i uminnelege tider, og eg har store problem med å forstå kvifor ikkje bygdenamnet skal vere ein del av mi adresse, seier Rune Bruvoll som føler at ein del av identiteten blir borte.