Ifølgje Fjordingen tok det ein time før operasjonssentralen tok telefonen. Då sende dei lokalt politi til Nordfjordeid på leit etter mannen som var sakna på Grodås.

Politiet skuldar på like adressenamn.

– Heimesjukepleiaren opplyste at den sakna budde i Urdene. Vår operatør oppfatta dette som Urene og fekk dette opp som første automatiske val i loggføringssystemet. Urene ligg i Nordfjordeid, forklarar Morten Ørn, einingsleiar i Vest politidistrikt. Mannskap vart kalla ut på reserveteneste både frå Nordfjordeid og frå Stryn, og mannskapet frå Eid oppfatta feilen fort.

– Mannskapet frå Eid fekk varsla dei frå Stryn om dette. På dialekt er det ikkje lett å høyre forskjell på Urene og Urdene, men operatørane skal alltid dobbelsjekke at dei har fått rett adresse. I dette tilfelle var ikkje denne sjekken tilstrekkeleg god, seier Ørn.