Selskapa vil bli knytt nærmare saman gjennom eit kunde/leverandørforhold, men vil fortsatt operere som to uavhengige selskap.

Familien Solheim vil framleis eige 50 % av AS Fiskevegn, gjennom sitt selskap Helge Solheim Holding as.

Styreleiar  Helge Solheim helser Mustad Autoline velkomne inn på eigarsida.

–Vi ser mange synergiar mellom de to selskapa, sjølv om ein framleis vil konkurrere på enkelte område, slik som mekaniseringsutstyr til lineflåten. Mustad Autoline har ingen eigen produksjon av line og Fiskevegn ser eit stort potensiale her, noko som ytterlegare vil styrke den positive utviklinga selskapet no er inne i, seier Helge Solheim i ei pressemelding..

Styreleiar og eigar i Mustad Autoline, Hans H. Mustad, ser også fram til samarbeidet.

–Vi har alltid hatt stor respekt for Fiskevegn som selskap og kvaliteten på produkta dei leverer. Vi trur det ligg store moglegheiter  i å satse vidare på produksjon og produktutvikling på Flatraket og gler oss til å få Fiskevegn-lina inn i vårt sortiment, seier Mustad i pressemeldinga.

AS Fiskevegn har hovudkontor og produksjon på Flatraket i Selje kommune og omsette i 2017 for NOK 97 millionar kroner og har 47 tilsette.