Totalt var det 69 køyretøy innom kontrollplassen, av desse vart 38 kontrollerte. To sjåførar vart melde for brot på køyre og kviletida. Ein sjåfør fekk gebyr på 8000 kroner for manglande bombrikke. Ein sjåfør måtte sikre lasta si betre før han fekk køyre vidare. Ein sjåfør fekk gebyr for to dekk som hadde mønster under lovleg minimum. Han fekk køyre til verkstad for skifte av dekk. Seks sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontrute før dei fekk køyre vidare.

Ein sjåfør fekk 500 kroner i gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring