– Gardane her har hatt namnet Myroldhaug i alle år, og ikkje med en-ending, seier Ole Tom Myroldhaug, ein av grunneigarane som har engasjert seg i namnesaka.

– Det er ikkje så mange Myroldhaug i Norge, berre garden vår og innfor hestesenteret som har det namnet i dag. Vi vil ikkje at nokon skal klundre til dette namnet. Alle gardane har heitt Myroldhaug i ualminnelege tider. Det blir heilt feil for oss om det skal heite Myroldhaugen, og dette protesterer vi også på, seier Myroldhaug. Han viser til at hans familie har hatt namnetsidan midten på 1800-talet, då dei tok namnet Myroldhaug frå staden dei busette seg.

Får støtte

Det var i samband med at Eid kommune skulle innføre nye vegnamn at diskusjonen om Myroldhaug kontra Myroldhaugen kom opp. Kommunen si namnenemnd meinte Myroldhaug, og at ein skulle følgje ønskje frå innbyggjarane og gjekk imot tilrådinga til Stadnamntjenesta. Dette vedtok også Eid kommunestyre i april i år. Stort sett alle innbyggjarar i Eid har no fått eit vegnamn der dei bur.

Kartverket klagar

Men Statens kartverk er ikkje samd, og har klaga på dette vedtaket.

Dei viser til at Myroldhaugen er fastsett som offisiell skrivemåte av gardsnamnet. Det vil seie at det har vore gjennomført namnesak for dette gardsnamnet, og skrivemåten Myroldhuagen vart vedteken i 1994.

«Kartverket kan trekkje klaga for Myroldhaug dersom kommunen endrar vedtaket til Myroldhaugen eller til Myroldhaugvegen», skriv kartverket.

Ukjent

Norsk Fjordhestsenter støttar bruken av namnet Myroldhaug, og viser til at det er namnet som har vore i bruk hos dei trass vedtaket frå 1994.

Myroldhaugen er fastsett som offisiell skrivemåte for gardsnamnet av kartverket i 1994.

– Dette vedtaket er/var ukjent for oss og synest å ha lite med den fleire hundre år gamle tradisjonen, skriv grunneigarane Svein Rotevatn og Siv Langøen Rotevatn.

Dei viser til at Myroldhaug er ikkje ein haug, difor blir eintalsnemninga haugen slik kartverket først foreslo feil.

Gammalt kulturlandskap

– Dette er eit område nedom bøgarden beståande av eit kuppert gamalt kulturlandskap som strekkjer seg frå Gjerdane/Eid Eldretun i vest og austover til og med Norsk Fjordhestsenter, det vil seie til grensa mot Langeland, skriv Rotevatn. Dei synest også det er ulogisk å fokusere på gardsnamnet då her er fleire gardar på området Myroldhaug med ulike gnr./bnr.

– Vi vil påpeikte at området Myroldhaug består av fleire haugar og fleire gardar over eit langstrakt område. Ein parallell til dette her på Nordfjordeid er Skårhaug. Skårhaug består også av fleire haugar og gardar, men har ikkje av kartverket fått nemninga Skårhaugen, skriv Rotevatn.

– Her er ein haug litt søraust for området Myroldhuag ved Eidselva som vi på lokal dialekt kallar «Myrahågjen». Skal vårt område bli kalla Myrolhaugen kan det oppstå namneforveksling her lokalt, meiner dei.

Historisk korrekt namn

Grunneigarane Rotevatn meiner at om det i 1994 vart gjort ein feil då kartverket vedtok Myroldhuagen som namn på området, så treng ein ikkje gjere denne feilen ein gong til.

– Vi held fast på Myroldhaug er det historisk korrekte namnet og at vegadressa til husa her skal vere Myroldhuag 1, 2, 3, 4 osv., påpeikar dei.

– Nolevande personar i området, den eldste over 90 år, seier at dei aldri har brukt Myroldhaugen som namn på dette området. Myroldhaug har frå gamalt av vore namnet på dette området. Ifølgje bygdeboka/Aalandsboka vart området allereie i 1602 nemnt som Myrahaug (adelsgods) som etter kvart vart endra til Myroldhaug, skriv grunneigarane Myroldhaug.

Dersom kommunen etter ferdig handsaming held fast på det opphavlege vedtaket, går saka til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg vedtak.

– Det er heilt feil for oss om det skal heite Myroldhaugen, seier grunneigar Ole Tom Myroldhaug. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes