–Det starta i oppvaskmaskina. Kva som skjedde kan eg ikkje svare deg på akkurat no, men det var ganske avgrensa til oppvaskmaskina og hadde ikkje spreidd seg til noko anna. Elles i butikken var det berre røyk, seier politibetjent Vidar Stavik.

Natt til måndag braut det ut brann i lokalet til Circle K på Nordfjordeid. Eid Brannvesen kom fort til staden og fekk sløkt brannen før den spreidde seg vidare i lokalet. Ingen vart skada under brannen. Circle K tar sikte på å opne igjen så snart så mogleg ettersom etterforskinga no er avslutta, men det er usikkert om dei opnar til helga. På grunn av at det var mykje røyk i lokalet, må bensinstasjonen vaskast innvendig før den kan opnast igjen.

Fram til dei opnar butikken sit dei tilsette utanfor butikken der kundane får gratis kaffi og sjokolade.

–Vi har faste kundar som bruker å få kaffi, så då er det kjekt at dei får det no og sjølv om vi har stengt, seier Devin Ignesias hos Circle K, og legg til at bilvasken blir opna i løpet av dagen.

Devin Ignesias, tilsett hos Circle K, serverer kundane gratis kaffi og sjokolade. Foto: Olin Maria Yri
Circle K er stengt etter brannen. Foto: Olin Maria Yri