Frå den 1. til 5. august var 25 personar frå AUF i Sogn og Fjordane på årets sommarleir på Utøya for politiske diskusjonar, å treffe nye og gamle kjente frå heile landet, konsertar og tøffe duellar på fotball- og volleyballbana.

Bra program

– Programmet var veldig bra i år! Det var mange spanande, morosame og interessante talar, innleiarar og politiske verkstadar alle dagane, seier fylkesleiar Sindre Hornnes.

På årets leirprogram fekk AUF besøk frå både Jonas Gahr Støre, Hadia Tajik og LO-leiar Hans Christian Gabrielsen for å nemne nokon. AUF-arane deltok òg på forskjellige politiske og praktiske verkstadar og såg generasjonsduellar mellom AUF og Arbeidarpartiet i bakken.

Viktig

–Det har kanskje aldri vore viktigare å reise til Utøya. Vi ser at hatet mot AUF og AP oftare kjem opp i kommentarfelta, og at debattklimaet stadig blir hardare. Til tross for dette ser vi at demokratiet og kjærleiken blomstrar på Utøya, der vi er ein del av Noregs største og viktigaste politiske verkstad, seier Hornnes.

Aksjon

Under sommarleiren er det òg vanleg å ha aksjonar for ein sak eller eit tema som fylkeslaget brenn for. I år valde fylkeslaget å ha aksjon mot fleire utanlandskablar saman med Møre og Romsdal og Rogaland. Hadia Tajik var innom og fekk høyre bekymringane til AUF-arane.

Høgdepunkt

Som vanleg er fotball og volleyballturneringane mellom fylka eit høgdepunkt for deltakarane. I år hadde fylkeslaget Sogndalsdrakter som vi fekk av Sogndal Fotball.

–I fotballturneringa, der fylkeslaget ikkje har vunne ein einaste kamp før i år, klarte vi å komme heilt til semifinalen. I volleyballturneringa vann vi gullet! Pokalen blei overrekt av generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg. Dette var veldig stas for fylkeslaget og eg er veldig stolt over innsatsen til alle, seier kaptein Amalie Birkelid Kvellestad.

I volleyballturneringa vann laget frå Sogn og Fjordan gull. Pokalen blei overrekt av generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg Foto: Privat
Ekstra kjekt for AUF-arane var det å få møte Jens Stoltenberg, tidlegare statsminister i Norge. No generalsekretær i NATO. Foto: Privat
I år valde fylkeslaget frå Sogn og Fjoraden å ha aksjon mot fleire utanlandskablar saman med Møre og Romsdal og Rogaland. Foto: Privat