– Tradisjonane kring støylsdrift har vore særs viktige i Nordfjord gjennom tidene. Det ynskjer vi å markere med ein årleg støylsdag, seier Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum.

Smørkinne og separator

For andre år på rad har museet difor leita fram smørkinna og separatoren og er klare til å lage aktivitetar for både store og små. I år blir det også sjans for alle danseglade til å svinge seg.

– Gloppen hardingfelelag spelar til dans i Frislidlada, så der kan dei som vil verkeleg få svinge seg. Om ein heller vil lytte til den flotte musikken så er det sjølvsagt også lov. Dans var ikkje kvardagskost, men på laurdagskveldane var det jamleg dans på støylane. Enten på grasslettene eller på flakar som dei bygde opp. Så vi håpar å gjenskape noko av den stemninga, fortel Moe.

Fortel om støylslivet

Støylslivet har i stor grad endra seg frå å vere ein viktig del av matproduksjonen for bønder i norske bygder til å bli eit innslag i fritida til mange. Spesielt frå 1900 og framover har det vore nedgong i seter- og støylsbruken. Nokre stader held tradisjonen seg framleis i hevd, som til dømes i Hyen.

– Vi er kjempeglade for at Oddbjørg Gjengedal vil vere med oss på støylsdagen. Ho har nærast drive med støyling sidan ho vart fødd, og ho vil sitje i Moritsstova på museet og fortelje om støylslivet til dei som er interesserte og kikkar innom, seier Moe.

Geitemjølk

I tillegg til dei tradisjonsrike støylsaktivitetane som kinning og separering får folk også høve til å prøvesmake rømaske og fersk geite- og kumjølk i regi av Bonde- og småbrukarlaget. Ein kan også prøve seg på eplepressing og ein kan handle med seg heimebakst frå Jølster Bakst, heimemelaga pølser frå Norgesmat og sylte, krydder og saft frå Garfoss naturmat.

– Dagen vart ein suksess i fjor og vi håpar at folk vil bli med i år også, avsluttar Moe.

Myklandstøylen

Same søndag inviterer Kandalsgrenda til Støylsdag, Søndag 12 August, på Myklandstøylen.

Denne støylen er ein av få støylar som fortsatt er i drift, og her har det vore mjølking av geiter sidan byrjinga av 1900-talet.

Denne dagen kan du få eit innblikk i støylslivet slik det var

før, og slik det er i dag.

Kinning

På Myklandstøylen blir det ulike aktivitetar som separering av geitemjølk og kinning av geitesmør, det blir hesteriding

og natursti, marknad, kos med dyra, guida tur til Korset (726 moh), historieforteljing og song ved Elin Grytting. På Myklandstøylen blir det også sal av rømmegraut og grilltallerken m/kjekjøt, sveler og natronkaker.

Rømmekolle på setra: Smaking av rømmekolle er noko det ein kan oppleve på støylsdagen på Nordfjord folkemuseum på søndag. Foto: Foto: Espen Mills / www.espenmil