Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar gjekk i mai i år ut og bad innbyggjarane om innspel til fylkesvåpen til det nye fylket Vestland. Oversikta over 667 forslag er no klar.

Sjå innsendte forslag til fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune

Stor kreativitet

Alt frå barneskuleklassar til pensjonistar har bidratt til fylkesvåpenet. Mangfaldet er stort, nokre skildrar natur og nære omgjevnadar, andre symbol og historiske motiv. Målet er eit fylkesvåpen som vekker attkjenning og verkar samlande hjå dei to fylkeskommunane som skal slå seg saman.

– Det er ein fryd å bla gjennom forslaga, seier Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune.

– Vi er svært glade for engasjementet arbeidet med fylkesvåpenet har skapt, og har tru på at prosessen til slutt vil gje oss eit fylkesvåpen som vil vere samlande for innbyggjarane i den nye fylkeskommunen.

Folkejury, fagjury og folkefavoritt

18. august skal ein folkejury velge ut ti forslag som skal gå vidare. Ein fagjury vil også velge ut sine ti favorittar. Frå 22. august kan folk i fylka stemme fram ein av desse 20 som blir folkefavoritten. Avstemminga vil foregå på vlfk.no, hordaland.no og sfj.no.  Vinnaren får ein premie på 25 000 kroner, og dei 19 andre finalebidraga får 2000 kroner kvar.

– Den overveldande responsen syner at fylkesvåpenet er eit viktig symbol for mange. Vi vonar folk i fylka vil vere med på å stemme fram folkefavoritten som eit godt grunnlag til endeleg fylkesvåpen, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Endeleg avgjerd innan 2019

Folkefavoritten vert, saman med tre forslag frå fagkomiteen, tatt med vidare i ein designkonkurranse. Her blir inntil fem designbyrå invitert til å lage sine forslag til nytt fylkesvåpen, etter ei prekvalifisering.

Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen gjere ei vurdering av alle desse framlegga, og så innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.

Nokre døme på framlegg til fylkesvåpen som er komne inn.