Cruise Europa er ein organisasjon for over hundre cruisehamner i Europa. Dagleg leiar er Jens Christian Skrede, og styreleiar Captein Michael McCarthy.

Etter ein tur til Olden og Geiranger kom dei i dag til Nordfjordeid, for å sjå på den nye seawalken her. Og Captein Mc Carthy var ikkje i tvil.

–Nordfjordeid har alle sjansar til å hevde seg innan cruiseturisme, sa han då han kom til Eid og seawalken i dag tidleg.

–Eid har eit svært vakkert sentrum, og ei perle av ei gate med små og særprega butikkar. Dette er det cruiseturistane vil sjå. Det ekte og naturlege, med spor tilbake i historia, sa Mc Carthy som til og med hevda at Eid kan få opp mot 100 cruiseskip innan berre tre til fem år.

–Om dei retta tinga blir gjort no, tippar eg at det kan kome hundre cruiseskip til Nordfjordeid på ein sesong om berre nokre få år, sa styreleiaren som har mange års erfaring innan cruisebransjen.

–Cruiseturistane treng naudsynte fasilitetar som toalett til dømes, så elskar dei stadar med historiske spor, det genuine som ein finn her på Eid, og til slutt vil dei gjerne kjøpe med seg ein suvinir, eit minne å ta med seg heim, sa McCarthy likevel understreka at neste år blir eksamen for cruiseturismen i Eid.

–Det som skjer på Eid neste sommar er heilt avgjerande for korleis cruiseturismen får utvikle seg her. Ein må levere den ein har lova, elles kjem turistane ikkje tilbake, sa Captein McCarthy.

Dei han og Jens Christian Skrede møtte på Eid i dag var Eli Førde Aarskog, som er marknadssjef for Port of Nordfjordeid, eit underselskap av Seawalk Nordfjord, John Olav Lefdal frå Seawalk Nordfjord, Elin Paulsen og Kristina Dahl frå Eid kommune.