Både unge og gamle fekk i år nyte godt av musikken til Vestlandsk sommarsymfoni på Nordfjordeid. Etter ei veke med øvingar på Fjordane folkehøgskule, tok deltakarane med seg instrumenta sine ut på gata og inn på ulike institusjonar. Dei som fekk besøk var Dagsenteret ved tidlegare Eid sjukeheim, Hogatunet, Nordfjord Amfi, samt speling i Eidsgata.

Laga stemning

Størst merksemd fekk konserten på ettermiddagen fredag, som fann stad ved kaféen i Amfi Nordfjord. Der hadde eit heilt kammerorkester rigga seg til mellom butikkane, og skapte stemning med klassisk musikk som publikum sette pris på. Dei ulike strykeinstrumenta gav god gjenklang mellom butikkreolane. Ein av dei som spelte på denne kammerkonserten var Fredrik Wilhelmsen frå Trondheim. Han var i år tilbake til Eid og Vestlandsk sommarsymfoni etter 27 år med pause.

Same oppskrift

–Etter så mange år er det kjekt å sjå at sommarsymfonien fungerer på same måte som då eg var her i 1990 og 1991. Jan Ola Amundsen er primus motor og like ivrig no som den gongen for 27 år sidan, og det er veldig kjekt, seier Fredrik Wilhelmsen som er svært godt nøgd med korleis sommarsymfonien er lagt opp.

–Det er ei blanding av øving og fritid. Gjennom dagen får vi akkurat passeleg tid til både musikalsk konsentrasjon, sosialt liv og avslapping, seier Wilhelmsen som også er ivrig maratonløpar. Det betyr at han gjennom veka fann turen til fleire fjelltoppar rundt Eid sentrum.

–Eg har vore mellom anna på Blåsvednyken, rundt 900 meter ovanfor Eid sentrum.Det var ein fin tur. Heime i Trondheim trenar eg ein god del, ved sidan av spelinga. Det var flott å springe på dei høge fjella her rundt Eid, sjølv om det kanskje var i brattaste laget opp, seier Wilhelmsen som til dagleg har arbeid som systemutviklar og spelar på fritida i Sør-Trøndelag orkesterforening som har rundt 60 medlemmer.

–Det er kjekt å kome her til Eid for å spele i eit større symfoniorkester. Og så har kvar instrumentgruppe med seg ein profesjonell leiar. For oss er det veldig lærerikt og interessant, seier Fredrik Wilhelmsen.

For dei eldre

I tillegg til speling i Eid sentrum var det blåsegrupper på Hogatunet og Dagsenteret. Der den aldersgruppa også fekk med seg vakre tonar frå sommarsymfonien.

125 på konserten

På hovudkonserten laurdag kveld var det 125 som kjøpte billett. Det er om lag like mange som brukar å vere på denne konserten kvart år.

–Eg er godt nøgd med frammøtet, det er meir enn i fjor, seier Jan Ola Amundsen som er dagleg leiar i arrangøren Norske Symfoni-Orkesters Landsforbund. På fredag var det berre rundt ti som hadde kjøpt billett på førehand.

–Dette er ein konsert der mange kjøpet billett i døra, seier Amundsen som understrekar at besøkstalet på denne hovudkonserten har halde seg stabilt gjennom mange år, men at han gjerne vil ha over hundre i salen.

–I ei kommune med over seks tusen innbyggjarar bør det vere over hundre på vår konsert. Nokre år har det vore under det, men konsert av Vestlandsk sommarsymfoni blir det uansett, seier Amundsen som var godt nøgd med sommarkurset også i år.

Dei to andre innslaga i programmet var musikk av den engelske komponisten George Butterworth og Peter Tsjaikovskij.