Mange bønder er fortvila etter den tørraste sommaren på over sytti år. Men fleire har allereie berga den andre slåtten. Og har fått gjødsla etter det. Dei siste dagane med regn har gjort dette muleg. No oppmodar Norsk Landbruksrådgjeving alle husdyrbønder om å satse på ein slått nummer tre. Bra med regn framover og ein fin september kan gjere dette mulig.

–Etter ein svært tørr sommar er det mange som mangler mykje grovfôr. Vårt råd er difor at alle gjødslar opp til 3. slått, sjølv om nokre tidligere ikkje har hatt tradisjon for det. Og så får vi håpe på oppholdsvêr i september og, slik at det er mulig å få tak i fôret, seier Lise Austreim frå Norsk Landbruksrådgjeving.

Blande med vatn

Har du planar om å få ut noko husdyrgjødsel no, bør du blande i mykje vatn, minst 1:3 gylle og køyre den ut så fort som mulig etter slått, slik at det blir minst muleg tilskitning av blad og fare for sviskader og stort ammoniakktap.

Mange telefonar

– Vi får no mange telefonar frå dei som er ferdige med 2. slått og som ser at det er meldt regn til helga og som lure på om dei bør gjødsle til 3. slått, eller om det er igjen nok gjødsel i jorda til ein god gjenvekst, seier Lise Austreim.

– Nokre ser framleis kvite gjødselkorn mellom grasplantane fra førre gjødsling og trur at gjødsla ikkje har løyst seg opp. Men det skal berre litt nattedogg til, før det blir hol i coatingen/talkumskalet og næringsstoffa går ned i jorda. Transporten vidare nedover til dei djupaste røtene derimot, er svært begrensa på grunn av manglande nedbør.

Mineralgjødsel

Når det gjeld mineralgjødsel er vårt råd å køyre ut 20-25 kg/daa OPTI-NS no, i alle fall på de teigane med ganske ung eng og stort potensial for gjenvekst, og som det er muleg å få slått i september, sjølv om vêret slår om før den tid.

Gammal gjødsel

En del av gjødsla som ble gitt til 2. slått er framleis tilgjengeleg for plantane, men den ligg dei øvste cm av jorda. Vi reknar med at det i dei fleste tilfelle er nok fosfor og kalium, men at det er trong for nitrogen. Dersom du ikkje brukte husdyrgjødsel til 2. slått og heller ikke skal ut med det no, har kaliumfattig jord, og så mange brune bladspisser i graset før 2. slått, kan det være et tegn på kalium-mangel, seier Lise Austreim

Ikkje gjødsle i finvêr

Også Tine kjem med råd i høve til den tørre sommaren. Dei åtvarar ikkje minst mot utkøyring av husdyrgjødsel under fint vêr og solskin.

– Vi vil tilrå å vente med utkøyring av husdyrgjødsel dersom varmen held fram utan meir nedbør, heiter det frå Tine. Då er det betre å gjødsle med fullgjødsel, og eventuelt spare OPTI-NS™/SULFAN® til seinere. Husdyrgjødsel spreidd i varmt, drivende vêr vil miste mesteparten av nitrogenet som ammoniakk til luft. Husdyrgjødsel vil dessutan størkne på overflata og på bladverk, noko som vil bidra til dårlig ensileringsresultat, samt sporar i mjølka. I tørke er kalksalpeter mer effektiv enn OPTI-NS/SULFAN, men no er regn heilt avgjerande i mange områder. Det er no så akutt vannmangel, at det ikkje lenger i så stor grad dreiar seg om val av gjødsel. Sesongen står og fell på at vi no får ein periode med kjøligare vêrtype, samt regelmessig bygeaktivitet. Men inntreff dette vêrskiftet, må ein gripe sjansen. Då er det framleis muleg å oppnå gode grasavlingar i 2018, heiter det i råda frå Tine.