75 deltakarar på Vestlandsk sommarsymfoni har øvd saman ei veke. I går tok dei med seg instrumenta rundt omkring i Eid sentrum og på institusjonar for eldre.

Der hausta dei applaus for vakker musikk.

I kveld er dei klare for konsert i Operahuset Nordfjord.