Store, flotte andrik AlexANDer KjellAND er oppkalla etter ein av dei fire store, - og litt etter svigerfar Kjell Skårhaug. Andriken held hagen i Leirongane 8 sniglerein saman med damene Andrine og Dolly.

Det er no to år sidan Marte Haukås skaffa seg tre andungar. Då hadde ho prøvd det aller meste for å få bukt med brunsigleproblemet.

– Brunsniglane var over alt, vi plukka, brukte nemaslug saman med naboar og prøvde med feller. Barna fekk ei krone per snigel, og det gjekk hardt ut over lommeboka, ler Marte.

Etter at dei glupske andungane kom på plass, er problemet så godt som borte. Endene liker spesielt godt snigleegg og småsniglar, og tek såleis «ondet ved rota». Og når det ikkje er meir å hente i eigen hage, tek dei seg ein tur i andre hagar for å meske seg.

Er ute på vift

Matmor Marte Haukås fortel at endene er godt mottekne i nabolaget.

– Alle synest det er kjekt med ein andefamilie. Rett som det er er dei ute på vift. Og når det regnar, tek dei seg gjerne ein tur ned til Sunde møbel for å ta seg eit bad, for der blir det ein dam. Dei kan vere borte heile dagen, men om kvelden kjem dei labbande oppover innkøyrselen. Andrik AlexANDer KjellAND først, deretter Andrine og Dolly. Det er ein klar rangorden, med hannen først og damene trippande etter. Dolly er den sartaste av dei, og den som er lågast på rangstigen.

Moskusendene er eigentleg grasender, som et gras og høy og som elskar frukt og bær. Dei får også litt hønsefôr.

I tillegg til å ta seg av sniglane, blir det også rikeleg med egg til vaflar og pannekaker. Minuset er at det blir ein del fugleskit, som må spylast vekk. For å redusere dette problemet, har Marte dressert endene til å stort sett å halde seg på plenen og ikkje på den asfalterte tunet.

Tek seg gjerne eit bad

I hagen har endene eit inngjerda område med eit lite hus der dei er om natta. Marte forklarer at det er viktig at endene heile tida har tilgang til reint vatn, både for å drikke og for å bade i. Dei dyppar hovudet fleire gonger for dag i vatnet, for å unngå å få augebetennelse.

Matmor Marte Haukås fortel at ho brukte mykje tid på andungane i starten. Då måtte dei passast på når dei ikkje var i buret, for at ikkje rovfugl og rev skulle forsyne seg.

Hadde laga reir

Endene har sin eigen personlegdom og av og til gjer dei litt rare ting. Ein gong såg låg KjellAND fleire dagar utanfor ein container ved Sunde. Og ein dag kom ikkje Dolly heim. Det viste seg at Dolly hadde laga seg reir bak containeren, og KjellAND låg og passa på.

Som for det meste anna finst det eit eige forum på nettet for dei som er hekta på moskusender, der tema mellom anna er avl og utstillingar. Til dømes er det slik at dess meir raudfarge andrikane har, desto betre er det.

Moskusendene er veldig hardføre, men det må litt ekstra tiltak til om vinteren, i form av halm og høy i innhegning og liggeplass ute. I den kaldaste perioden hengde dei også opp ein varmelampe i vinter. Det er særleg føtene som er utsette for frost.

Marte har blitt veldig glad i endene sine. Endene i Leirongane er svært tamme. Dei kan fôrast frå handa, og av og til når Marte ropar på Andrine om kvelden, så kjem ho flygande.

Det er litt stas.

Staseleg kar, spesielt når kammen er oppe. Foto: Anna Wuttudal
Herleg med eit lite bad. Foto: Anna Wuttudal
Dei tre endene er gode venner som pratar godt i lag, men rangordninga er klar. Andriken er sjefen, deretter Andrine og Dolly nedst på rangstigen.Alle kjenner sin plass. Foto: Anna Wuttudal
Magnus Haukås Skårhaug (7) og naboguten Jonas Eikås lokkar med litt hønsefôr. Foto: Anna Wuttudal
Dolly har vore litt pjusk, men er no på betringas veg. Foto: Anna Wuttudal
Endene kan flyge litt, men går mest og labbar rundt. Foto: Anna Wuttudal
Endene liker å ta seg eit morgonbad. Det er spesielt viktig å få dyppa hovudet i reint vatn for å unngå augebetennelse. Foto: Anna Wuttudal
Marte får rikeleg med egg til baksten. Foto: Anna Wuttudal