– Eg får alltid spørsmål om korleis det går i Stockholm. Men det er i Göteborg eg bur altså, smiler Asbjørn Hagen som i 2016 flytta til Göteborg som er den nest største byen i Sverige og på størrelse med Oslo. Men det var ikkje storleiken på byen som lokka han til Sverige. Det var nemleg utdanninga og skulen Balettakademien Göteborg som lokka. Balettakademien vart starta i Stockholm i 1957, og ti år etter vart den starta i Göteborg. I dag har Balettakademien utdanna mange nordiske og utanlandske artistar gjennom tidene, og er ein av dei største og mest anerkjende musikalskulane i Norden. For Asbjørn sin del, fekk han høyre om skulen av ei venninne då han gjekk på Romerike folkehøgskule og det var ikkje før etter at han søkte at han fekk vete at skulen er ein av dei mest anerkjende i Norden.

– Eg stortrivast både på skulen og i Sverige. Det er eit stort miljø der, fortel Asbjørn.

Jobbar som modell

På Balettakademien er det mykje arbeid, og Asbjørn lever stort sett på skulen. Difor har han ikkje tid til å ha ein vanleg fast jobb ved sidan av studiet. Samtidig er det kjekt å gjere litt andre ting enn berre skule, så når det passar med skule jobbar han som modell.

– Når eg får tilbod om ein modelljobb kan eg bestemme sjølv om eg vil ta den eller ikkje. Eg bruker å få det til å fungere slik at eg kan ta dei moglegheitene eg får, fortel han.

Det var også då han gjekk på Romerike folkehøgskule han fekk tips om modellyrket. Asbjørn hadde nokre vennar som jobba som modell og dei tipsa han om eit modellbyrå. Under ein open dag gjekk han til modellbyrået Heartbreak Management og tok bilete. Men før han rakk å jobbe med dei, flytta han til Sverige og byrået sette han i kontakt med Lind Models i Göteborg som han har hatt fleire modelloppdrag for.

– For litt sidan hadde eg modelloppdrag for ein secondhand butikk som heiter Myrorna. Det var for haustkampanjen, så den kjem i august. Det blir spennande å sjå korleis det blir, fortel Asbjørn.

Musikal

Sjølv om han jobbar som modell på fritida, er det sjølvsagt størst fokus på skule.

– Draumen er å kunne leve av å stå på scena. I første omgang er det musikal, men ein skal ikkje sjå bort ifrå andre ting, smiler Asbjørn.

Gjennom musikal oppsettingar på skulen har han vore med i blant anna Monty Python sin Spamalot i Varberg, rett utanfor Göteborg. Der spelte han rundt ti førestillingar.

– Det var litt stressande sidan det var parallelt med skule, og vi dreiv å pendla dit 40 minutt etter skulen. Det var ganske hektisk men samtidig var det veldig lærerikt og spennande, seier Asbjørn.

Til hausten startar han i tredjeklasse og då skal musikalklassa ha fleire produksjonar som blant anna musikalen It Is Only Life.

– Vi skal jobbe med regissørar utanfrå og det trur eg blir veldig spennande. Vi skal også ha ein musikal til våren, men eg kan ikkje vere med for eg har planar som ikkje kan røpast enno, smiler Asbjørn.

Utfordrande

Det er alltid utfordrande å flytte til eit nytt land, med nytt folk og ny kultur. For Asbjørn var det spesielt utfordrande å kome til Sverige heilt aleine.

– Eg hadde ingen, verken vennar eller familie og måtte starte på «scratch» med nytt språk og nye vennar. Då er ein nok litt redd for å ikkje passe inn eller ikkje trivast. Det tek tid før ein har skapt eit miljø. Men det skumlaste var faktisk frykta for å ikkje klare å vere morosam og seg sjølv på eit anna språk.

No har Asbjørn budd i Göteborg i over to år, og utfordringane har skifta litt.

– Ein lurer på om ein er bra nok, om ein får nok kvile og nok mat. Det er ei utfordring å vere nøgd med den innsatsen ein har lagt ned, men det er viktig å la seg sjølv slappe av innimellom.

Den største skilnaden

No har Asbjørn budd to år i Sverige, og han har blitt godt vand med den svenske kulturen og ikkje minst språket. Når han er i Sverige går det difor i svensk, medan det går i norsk når han er heime.

– Eg er bevisst på å skilje på språka for å bevare dialekta. Det er veldig viktig for meg, fortel han.

Ifølgje Asbjørn er Norge og Sverige så like land som ein får det, men trass i det er det ein stor skilnad mellom nabolanda.

– Nordmenn et mykje meir brød enn svenskane, seier Asbjørn og legg til at svenskane har ein «heilag lunsj» med varm mat. Med andre ord vart det ei stor overrasking for Asbjørn då han hadde sin første skuledag i Sverige.

– Eg kom første skuledag med vanleg norsk nistepakke med brød. Då såg alle rart på meg, ler han.

Ifølgje Asbjørn er Norge og Sverige så like land ein får det når det gjeld kultur. Visse skilnadar er det sjølvsagt. Foto: Privat
Asbjørn har mange talent og dans er ein av dei. Foto: Magnus Egger
Asbjørn studerer musikal i Sverige og i år skal han vere med i musikalen It Is Only Life. Foto: Privat
Ved sidan av skulen jobbar Asbjørn som modell når han har tid. Foto: xv atelier