Om to veker er det klart for årets Elvis-festival i Måløy. Då kjem mellom anna Jay Dupuis frå USA. Han blei kåra til den beste imitatoren av Elvis i 2014. Ein årleg konkurranse i USA. Jay Dupuis skal vere med på kyrkjekonsert torsdag 9. august, samt konsert i festivalteltet «Graceland» både fredag og laurdag kveld.