Snart klart for Skåla Opp

Det nærmar seg årets motbakkeløpfest i Loen i Stryn kommune, og arrangørane melder at 840 konkurranseløparar og 190 trimmarar allereie er påmelde.

Laurdag 18. august er det klart for La Sportiva Skåla Opp.  Foto: Jan Erik Sandbakk

På 1848 meter over havet er ein på toppen av Skåla i Loen. Løpet startar på Tjugen 28 m.o.h.  Foto: Illustrasjon frå Skåla Opp.

Nyhende

Skåla Opp blir i år arrangert for syttande gong.

Løyperekordhaldar Ahmet Arslan frå Tyrkia prøver seg igjen på motbakkane mot Skålatårnet, saman med fleire sterke norske namn som Stian Øvergaard Aarvik, Thorbjørn Thorsen Ludvigsen og Øyvind Heiberg Sundby.

Blant damene er fjorårsvinnar Karoline Holsen Kyte, Eli Anne Dvergsdal og tyske Michelle Maier favorittar.

I tillegg er det alltid outsiderar som vil blande seg inn i tetstriden.

Evigunge Kirsten Marathon Melkevik og Kristen Skjeldal vil òg ta turen til Skåla denne dagen.

Helga inneheld også Kickoff fredag kveld, Kongleriket Mini Skåla Opp til sætra for barn frå 5 til 12 år laurdag.