Det er Kvernevik Holding AS som eig bygningen og tomta ved huset, som blei kjøpt av Selje kommune tidlegare i år. Det var mykje som måtte gjerast for å få huset i stand. Mellom anna var alle glasrutene knuste. No vil huset om ei veke gjenoppstå i gamal prakt og kan ynskje dei første gjestane velkomne.

Ein gamal draum

Det er Kristina Myrseth, gjennom driftsselskapet Storm på Stad AS, som skal drifte Vestkapphuset. Ho har førebels ein leigeavtale på eitt år, men ser føre seg kjøp av bygningen og arealet rundt.

Ho har, etter å ha tatt fagbrev som kokk for ti år sidan, hatt jobbar som både kokk og dagleg leiar i større bedrifter i Stavanger og Bergen. Ho har såleis brei erfaring i bransjen, og er no klar for å starte på «livsverket» sitt, og har tru på at Vestkapp kan bli stort og bli eit viktig bidrag til turismen både i Selje kommune og Nordfjord.

Heilårsdrift

Myrseth fortel at ho legg opp til heilårsdrift på Vestkapp. I bygningen er det plass til 40 gjester fordelt på hems, restaurant og kiosk. Planen er å halde ope kvar dag iallfall ut september. Deretter blir det ope i helgane for drop in, og i vekedagane for møte og bestilte selskap av alle ulike slag.

Ho vil få sett opp ei informasjonstavle for turistane og vil ha eit nært samarbeid med surfebedriftene og andre reiselivsbedrifter i kommunen for å få til ein optimal «reiselivspakke».

Innreiinga i lokalet skal ha eit rustikk preg, og maten er heimelaga tradisjonsmat med ein moderne vri. Myrseth håpar på 4000 gjestar resten av sesongen, og ho er godt budd no ved opninga og har tilsett flinke kokkar, som vil gje gjestane ei god matoppleving i tillegg til naturopplevinga.

Enorme moglegheiter

Gründeren Kristina Myrseth ser enorme moglegheiter på Vestkapp.

− Sjå berre kva dei har fått til på Nordkapp, seier ho entusiastisk. – Kanskje eit nytt Nordkapp her?

No i første omgang vert tilbodet lunsjmeny, kaffi, kaker og kioskvarer. Sidan vert det middagsservering, catering og tilbod for slutta lag.

På litt sikt vil Kristina byggje ut nabotomta. Her skal det bli overnatting i hytter med panoramavindauge, rom for større konferansar og bryllaup, og opplevingssenter der gjestane mellom anna kan studere naturen gjennom VR-briller.

Flyttar heim

Kristina kan opplyse om at tre damer no flyttar heim for å arbeide på Vestkapphuset. Ho sjølv kom frå Bergen og flytte heim att til Selje. Systera Rebekka Myrseth har utdanning i økonomi, og vert dagleg leiar frå oktober. Ho vil få ansvar for drift og marknadsføring. Tone Røyseth bur no i Trondheim og blir kjøkkensjef.

På spørsmålet om korleis det følast no endeleg å komme i gang, svarer Kristina at ho har ein svært god følelse. Sjølvsagt er ho spent på drifta, men kjenner samtidig stor ro og er klar til å ta fatt saman med flinke folk.

Alt i ein fjord

Vestkapphuset, som blei først opna i 1984, gjenoppstår no i heilt ny drakt. Nordfjord har eit stort og variert spekter av natur å by på frå storhavet i vest til breane i vest, og eit mangfald av tilbod mellom desse ytterpunkta, Når no Vestkapphuset opnar om ei veke, har Nordfjord eit nærast perfekt totaltilbod som nok vil vise godt igjen i reiselivssamanheng.

SISTE STROK MÅLING: Ikkje lett for Vilde Valbo å måle i litt frisk vestavind. Foto: Per Ole Lefdalsnes.
FANTASTISKE VESTKAPP: Kristina Myrseth meiner at den fantastiske naturen og heimelaga mat vil vere eit godt grunnlag for bedrifta hennar. Foto: Per Ole Lefdalsnes.
HANDYMAN: Tor Kristian hjelper til så godt han kan på fritida. Han har jobb som maskinist og dykkar på redningsskøyta i Måløy. Foto: Per Ole Lefdalsnes.
TOLER ORKANAR: Denne trestubben med utskjeringar har tolt mange orkanar gjennom åra. Foto: Per Ole Lefdalsnes.
Klårt: Det er ikkje alle dagar som er som denne. Ofte ligg tåka tjukk som graut over platået, Foto: Per Ole Lefdalsnes.
PÅ FJELLPLATÅET KJERRINGA: Nesten 500 meter over havet ligg vakre Vestkapp, Norges vestlegaste fjellplatå. Turistane blandar seg med beitande sauer. Foto: Per Ole Lefdalsnes.
VÊRRADAR FRÅ 2009: Ligg nær Vestkapphuset og er ein attraksjon i seg sjølv. Foto: Per Ole Lefdalsnes.