– Dette er arven etter min far, og eg fører den vidare i anden min med organisk eplehage og yoga, smiler Anne Marie Torheim som tok over garden i 2009. Det er mykje vedlikehald med gamle hus, men for Anne Marie har garden blitt ei hjartesak. Ho er svært oppteken av økologi og at maten blir økologisk dyrka. Difor er hennar og familien sitt bidrag til garden å dyrke økologisk ettersom dei ynskjer at maten skal vere utan sprøytemiddel. Til saman har dei 200 organiske epletre på garden, men ikkje alle har bær enno ettersom mange er forholdsvis unge tre. Trass i at dei har eplehage, er det inga tvil om at dyr og økologi står i fokus.

– Eg har vore jeger, slutta som jeger og et nesten ikkje kjøtt. Av og til har eg lyst på kjøtt og då et eg, men då er det alltid rein eller hjort. Eg er «anti» kylling på grunn av måten dei blir fostra opp, men nokre gardar har kylling og høner som går i det fri, så då kan eg kjøpe det, legg Anne Marie til.

Frå Aurland til Torheim

Anne Marie er til vanleg busett i Aurland, der ho jobbar som lærar. I helgene reiser ho og ektemannen Haakon Skjerdal ofte til Torheim. Turen frå Aurland tek dei som ein tur.

– Når vi skal til Nordfjord hentar Haakon meg på jobb klokka 15:00, og då kjøper vi alltid økologisk kanelbolle på Mariannes kafé i Aurland. Han laga kaffi som vi tek med og så køyre vi til Nordfjord og lar det bli ein del av turen. Det er typisk fredag, dersom vi skal til Torheim, fortel ho.

Noko som også er typisk for Anne Marie er å handle med seg økologiske matvarer frå gardsbutikken som drivast av Sogn Jord- og Hagebruksskule.

– Aurland er ei spesiell kommune ettersom dei har Sogn Jord- og Hagebruksskule som driv økologisk og har gardsbutikk. Vi handlar stort sett alt økologisk der. Vi er heldig sidan vi har den butikken som ein moglegheit. Eid er veldig dårleg på økologiske varer, så vi må ofte handle i Aurland sidan det er vanskeleg å få tak i her.

Underviser i yoga

I tillegg til organisk eplehage på Torheim, driv Anne Marie også med yoga. I 2016 og 2017 tok ho grunnutdanning i yoga i Oslo. Etter heilt fulle kurs i Aurland, har Anne Marie no starta opp yoga workshops på Torheim. Det er i hovudsak Yin yoga ho underviser i, både i Aurland og på Torheim. Sjølv driv ho også med Ashtanga, som går meir på musklar, om morgonen.

– Det er Yin yogaen eg har blitt fascinert over. Når eg underviser er det nesten alltid Yin yoga som går veldig på ledd, bindevev, ro og på meditasjon. Du sit lenge i stillingar for å kome inn til ledd ettersom det handlar om fleksibilitet men også om energiblokkeringar og at du kan opne opp, fortel ho.

Ifølgje Anne Marie er det viktig å trene musklar, men det er også viktig å lytte til kva kroppen har å fortelje.

– Ein kan trene sinnet, tankane og kjenslene sine til å stoppe opp og akseptere at dei finst men ikkje følgje dei. Eg har hatt mange av dei som driv med muskulære treningsformer som oppdagar at det eksisterer noko anna når dei opplev Yin yogaen. Eg opplev at mange brukar mange krefter på å vere «fit» og stressar seg sjølv. Når dei kjem på yoga så koplar dei heilt ut. Det er der det meditative kjem inn.

– Det er forsking på det, spesielt i England. Dei seie at etter 10 minutt meditasjon i 14 veker, så kan dei gå inn å skanne hjernen og sjå at her har det skjedd mykje, legg ho til.

Yoga for andre

For Anne Marie handlar det mykje om å gje folk der ho bur ein moglegheit til å forstå kva yoga er og ikkje minst tilby noko mange byar har, men som mange små bygder kanskje ikkje har tilgang til.

– Eg er oppteken av at når eg lærer meg noko nytt og det er rett for meg, så tenke eg at det må vere rett for andre også. Eg vil gjerne smitte folk med det eg har erfart. Slik er eg laga. For nokre blir det rett, og for andre ikkje. Men dei får i alle fall ei ny erfaring, smiler ho.

Så lenge folk har lyst å vere med på kursa hennar, vil Anne Marie drive med yoga for andre. Etter det vil ho mest truleg gå over til meditasjon. Ho søker nemleg etter det stille.

– Eg kjem til å drive med yoga heile livet, det veit eg. Eg søker etter å finne romma der det stille rår, der tankane får kvile, der ein berre er «her». Det er vanskeleg når du er lærar og bur saman med mange, ler Anne Marie.

– Eg får seie som han sogningen som seie «Eg berre elskar det», avsluttar ho.