–Dette er den beste campen på Eid, seier Stein Lystad som har vore på Malakoff elleve gongar og campa ved Eidselva heile sju gongar. Campen ved Eidselva er svært populær, spesielt plassane som ligg ned mot vatnet. Då Lystad kom tysdag, var det allereie ein gjeng som hadde slått opp telt ved sidan av.

Lystad er frå Geiranger, og har dei siste åra teke turen til Malakoff saman med gjengen på over 20 personar.

–Det er ein passeleg tur frå Geiranger til Eid, fortel han.

Det er ikkje noko tvil om at camplivet er sosialt, og for Lystad og gjengen har Malakoff blitt ein møtestad.

–Alle eg campar med har ei tilknyting til Geiranger, så vi samlast her og søv i bilar og telt. Eid er fantastisk, seier Lystad.

Tras i at Malakoff er ein møtestad for gjengen, er ikkje det musikken som er viktigast for Lystad.

–Eg skulle sjå Svelene men dei skal ikkje spele i år. Det var dei eg gledde meg til, fortel Lystad.