– Eg trur det blir heilt sjukt å spele på Malakoff. Det har begynt å gått opp for meg litt. På nettene ligg eg å tenkjer på at eg skal halde eit show for så mange folk og for mange kjente. Eg har lyst å gjere det bra. Eg trur det kjem til å bli veldig artig, seier Oselie Henden som står på scena laurdag under Malakoff.

Trass i sin unge alder er ho begynt å bli vand til å stå på scena aleine. Ho vann MGPjr i 2017 og har sidan haldt mange konsertar. Når ho står framfor heimepublikummet laurdag er det med spenning, og ikkje nervøsitet.

– Eg er veldig spent, men eg er nok ikkje særleg nervøs i grunn. Men eg er spent på korleis det blir, og det får eg vel vite når eg står på scena. Eg er ganske spent på publikummet også. Eg trur det blir veldig kjekt, fortel ho og avslører at ho har øvt fleire gongar for dag for å få alt til å sitje og for å bli klar til Malakoff.

Konsertar

Oselie har hatt ein hektisk sommar med mange konsertar, og ho kan fortelje at konsertane har hatt bra publikum men legg ikkje skjul på at ho trur Malakoff blir noko heilt anna.

– Eg har hatt og skal ha ein del konsertar. Det har vore veldig kjekt og eg gler meg til dei eg skal halde også. Det var ikkje slik i fjor sommar så det er veldig kjekt å få opptre og halde show for så mange folk, smiler Oselie som skal blant anna opptre på Allsang på Grensen veka etter ho skal synge på heimebane under Malakoff. Men det å få kome heim å spele på Malakoff er stort for Oselie. Det er sjølve høgdepunktet i sommar.

– Malakoff set eg høgt og eg gler meg veldig, fortel ho.

Ny låt

Oselie skriv låtane sine sjølv og fortel at ho blir inspirert av menneska rundt som viser ho nye ting og høyrer på musikken hennar. I tillegg inspirerer andre artistar som langar ny musikk. Når ho står på scena laurdag blir det ei premiere på hennar nye låt. Det gler ho seg aller mest til. Ifølgje Oselie er den nye låten livleg og har mykje trykk.

– Eg gler meg til å sjå responsen og kva folk tykkjer om den. Eg trur og håpar det blir ei heidundrande stemning, seier Oselie som i tillegg til den nye låten skal spele vinnarlåten frå MGPjr 2017, ein annan eigenskrive song og ein cover låt. Til saman skal ho synge fire låtar.

Det er ikkje noko tvil at å få synge på Malakoff er stort for Oselie, som har vore på Malakoff og sett andre artistar stå på scena så lenge ho kan hugse. Ho er klar og ikkje minst gira for å gå ut på scena laurdag.

– Eg har drøymt om dette, og no skal eg stå på scena og gjere showet sjølv, smiler ho.

– Det er kult å få opne på Malakoff scena på laurdagen der eg har fått sett mange store artistar og band som Karpe og gabrielle stå og spele tidlegare, legg Oselie til og trekk fram at nettopp Karpe og Gabrielle har vore store høgdepunkt under tidlegare utgåver av Malakoff.

– Eg spelte faktisk på same konsert som Gabrielle for kort tid tilbake. Det er stort å få spele på same konsert som artistar og band ein ser opp til, smiler ho.