–På ei vanleg helg har vi under 100.000 kroner i omsetnad. Under Malakoff i fjor fekk vi inn 650.000 kroner. Inntektene blir meir enn seksdobla, seier Espen Heia, eigar av bensinstasjonen Cirkle K på Nordfjordeid.

Han lovprisar Malakoff og kva denne festivalhelga har å seie for både stasjonen hans og bygda generellt.

Flyttar ut

For fjerde år på rad tek Espen Heia med seg grillen og butikkdisken ut i gata. Her sel han hamburgararar og brus/vatn nesten døgnet rundt under Malakoff. Det har no vore god butikk gjennom dei tre siste åra.

–Det første året, i 2015, selde vi for 400.000 kroner under Malakoff, i fjor var det ei auke opp til 650.000 kroner, seier Heia som i år reknar med å selje ut rundt 2500 hamburgerar.

Svoltne døgnet rundt

–Det hender at folk står utanfor døra klokka sju for å kjøpe mat med det same vi opnar. Vi har ope frå sju om morgonen til fire om natta, og det er folk her heile tida. Om natta har vi kø av svoltne festivalgjester, seier stasjonseigaren som opplyser at Malakoff er grunnen til at han kan hente ut eit pent overskot gjennom året.

–Elles i året ligg vi stort sett i balanse med økonomien. Ein stor prosent av det vi kan hente inn som overskot kjem frå nettop Malakoff. Utan denne festivalhelga hadde vi nok hatt langt magrare tider, seier Heia som lovprisar den generelle lysta til vekst og utvikling som han opplever i Eid.

–Eg tok over stasjonen i desember 2014. Sidan då har eg opplevd Eid kommune heilt i særstilling når det gjeld positiv velvilje til å få til ting. Det har vore ei særs god utvikling her i bygda i dei åra eg har drive stasjonen. Ein vilje til vekst som eg aldri har opplevd makan til nokon annan stad, seier Heia.

Treng nye sko

Også Margrethe Sunde ved Eurosko merkar at det blir fleire kundar i butikken.

–Det hender nok at nokre går av seg skoa i løpet av natta. Då kjem dei gjerne hit for å få seg nye. Det er både tøysko og meir badesko festivalgjestane er ute etter. Og sjølvsagt støvlar om regnet skulle melde seg, seier Sunde.

Stolar å sitje på

På Felleskøpet, som er næraste nabo til festivalen, opplever dei at dei tilreisande treng campingstolar og festivalstolar. Dei har kjøpt inn litt ekstra framfor festivalhelga. Elles har dei god trafikk av folk som treng å låne toalettet.

–Det kan godt vere over hundre som låner toalettet i løpet av ein dag. Men det er greit, det er berre ei helg i året, seier butikktilsett Asgeir Alsaker ved Felleskjøpet.

Angrepille

På Vitusapotek Nordfjordeid opplever dei etterspurnad etter alt frå solkrem til angrepiller.

–Sommaren er nok ein topp når det gjeld sal av angrepiller. Men eg kan ikkje seie at det går så mykje meir under Malakoff. Vi har rikeleg på lager av det meste, seier apotekbestyrar Susanna Niskanen.

Skor seg: Er du på Malakoff og går av det skoa i løpet av natta, kan Margrethe Sunde hjelpe deg. Også ho opplever fleire kundar i butikken under festivalhelga. Foto: Inger Træen
Camping: Felleskjøpet har rusta seg ut med ekstra mange festivalstolar og campingstolar før festivalhelga. Butikktilsett Tor André Myrstad testar ut ein festivalstol. Foto: Inger Træen
Kan angre: Festivalpublikum kjøper både solkrem til angrepille på apoteket. Bestyrar Susanna Niskanen seier at sommaren er sesong for angrepiller, men at Malakoff ikkje peikar seg veldig ut. Foto: Inger Træen