Kva planar har du i sommar?

– Eg skal på festival i Stavern, Malakoff og etter det skal eg til Kroatia og Montenegro.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Eg var på Bruno Mars konsert i Bergen sist veke saman med vennar. Det var god stemning og det beste som har hendt denne sommaren til no.

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du hatt med?

– Til Maldivene med kjærasten eller venninner. Det ser heilt himmelsk ut der.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

– Det er varmt, men ikkje for varmt. Eg har besøk av gode vennar og et god mat. Litt musikk i bakgrunnen og prating til langt på natt.

Det blir ikkje sommar utan

– Malakoff.

Favorittmat/drikke om sommaren?

– Eit glas med cola og isbitar og kanskje litt tapas.

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Ein må dra på Malakoff, nye Sagaparken når det er fint vêr og så kan ein nyte livet sidan det er så fint her. Det er ein flott stad å slappe litt av på.

Har du nokre hobbyar?

– Eg spelar handball og så driv eg på med dans og musikk.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er flink til å slappe av, men eg er ganske utolmodig. Eg kan slappe av men det blir fort litt keisamt så eg er dårleg på å vere tolmodig.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Kreativ, imøtekomande og nysgjerrig.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Eg engasjerer meg veldig for plastikk i havet og kor mykje plastikk vi brukar. Eg bevisstgjer meg sjølv og andre på dette.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Godt selskap: vennar og familie.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Eg ville nok spart ein del til eg skal ut i det store livet. Eg hadde kanskje også gitt pengar til forsking på korleis ein blir kvitt plastikk i havet.

Kva statsleiar/person ville du ete middag med og kvifor?

– Michelle Obama. Eg trur ho har mykje å seie og det ville berre kome gode ting ut av det.

Kven vil du gje ein blome til?

– Mamma. Ho er så snill og gjer så mykje fint for meg og da er det fint å gje noko tilbake.

Kva syntest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Eg har i grunn inga meining om det ettersom eg ikkje veit kva som kjem ut av det. Det blir heilt sikkert bra.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– Abba er tidlaus og det kjem ny Mamma Mia film i sommar som eg gler meg til.

Draumeartist til Malakoff?

– Arctic Monkeys. Det hadde vore kult

Kva skal du lese i sommar/beste sommarbok?

– Eg har ikkje kjøpt bok enno, men sist sommar las eg Paris for ei. Den var ganske søt.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Akkurat no ville eg ha budd på Eid. Det hadde vore artig å bu litt i utlandet til dømes Frankrike eller England. Lære seg litt språk og oppleve litt. Men vestlandet vil alltid vere heime for meg.

Korleis ser framtida ut?

– Eg skal bli ferdig på VGS, så spørst det om det blir eit friår med jobbing eller folkehøgskule. Eg har også lyst å reise litt eller dra i militæret. Eg skal sjølvsagt studere også, men eg må finne ut av kva. Kanskje blir eg sjukepleiar.