– Det er tøft å dele «headliner» med band som Wolfmother, Ghost og Thåström, seier Jackbow som består av Andreas Raftevold Espelund (18) på gitar, Karl Oskar Nyberg (20) på trommer, Jacob Hagen (16) på bass, Peder Naustdal (16) på vokal og Håkon Høydal (18) på gitar. Bandet frå Nordfjordeid vann SommarLutt prisen i 2017 og står med det på Pepsi-Max scena under årets Malakoff med ei «setliste» på fem låtar.

-Vi skal spele i eit telt som er bregrensa med tanke på plass. Det blir på ein måte ein slags klubbkonsert. Det blir nok ei veldig fin atmosfære for musikken vår, ettersom den egna seg ganske godt som klubbrock. At vi skal spele på den scena er nok ein fordel for oss så det blir veldig kjekt, fortel bandet som forklarar at musikken deira ber preg av blant anna Foo Fighters, men også litt punk rock.

– Vi har prøvd å finne vårt eige særpreg i forhold til andre band. Vi gjer vår greie.

Musikken

For litt sidan var bandet i Ocean Sound Recordings i Giske å spelt inn låtane Somebody og Empty, som kom ut på strøymetenesta Spotify for omtrent tre veker sidan og har til saman over 20 000 avspelingar.

– Det er stilig å sjå noko ein har jobba lenge med ligge ute på Spotify. Det er verdt all arbeidet, seier rockebandet som skal etter planen spele inn fleire låtar i same studio i Giske i august. Planen er etter kvart å gje ut så mange låtar som mogleg gjennom EP eller album.

–Det er eit fint studio med flinke folk som har vore med på å heve musikken vår, fortel dei.

Snart klar

Helga nærmar seg med stormskritt og Jackbow melder seg klar for Malakoff. Bandet har til vanleg tre til fire øvingar i Gymmen i veka, men har den siste tida hatt øvingar kvar dag. I tillegg har dei hatt ein travel vår og sommar med mange spelejobbar.

– Vi har hatt det litt hektisk i det siste så det har begynt å låte ganske bra, fortel dei.

– Litt øving manglar sjølvsagt, men det er berre finpussing i grunn, legg Jackbow til og påpeikar at øving og spesielt samspeløvingar er viktig.

– Det hjelp ikkje å ha dei fem beste i verda om du ikkje klare å spele saman, så det handlar mykje om det å spele saman, forklarar Jacob Hagen.

Ikkje særleg nervøse

Som mange andre, har Jackbow vore på Malakoff og sett band og artistar som blant anna Biffy Clyro og Iggy Pop stå på scena sidan dei var små. Komande fredag står Jackbow sjølv på scena noko som både er rart og kult ifølgje bandet frå Nordfjordeid.

– Høgdepunktet blir i år for vår del. Musikalsk sett har det dei siste åra vore på det jamne med veldig gode artistar.

– Det blir feitt å skulle spele på Malakoff i år. Vi er sjølvsagt litt spente, legg dei til.

Sjølv om det blir stort for bandet å skulle spele under Malakoff, kan dei fortelje at dei ikkje er særleg nervøse på førehand.

– Det blir ofte nervar rett før vi skal på scena, men når ein er i gong er det berre kjekt. Vi trur ikkje vi kjem til å merke så mykje før vi får ein slags «reality check» og forstår kva vi faktisk held på med, forklarar dei.

Nokre av medlemmane i Jackbow fekk ein smakebit på korleis det er å stå på scena under fjorårets festival.

– Eg og Håkon spelte med Anna og Vilde i fjor under Malakoff og fekk jo ein liten smakebit der. Men då var det ikkje akkurat «rock and roll» vi spelte. Det blir litt annleis dette i forhold til allsong på vestlandet. Det var ein heilt magisk konsert, men noko heilt anna enn dette, seier Karl Oskar Nyberg.

Særpreg: Bandet frå Nordfjordeid gjer si eiga greie når det kjem til musikken. Foto: Olin Maria Yri