Fjorårssesongen for laksefiske i Eidselva var ein av dei beste på mange år. I løpet av dei seks første vekene vart det landa 238 laksar med ei samla vekt på 1.517,7 kilo. I år er det til samanlikning landa 192 laksar med ei samla vekt på 1127,8 kilo. Altså ein skilnad på 390 kilo. Samanliknar vi med 2016-sesongen er det stor skilnad frå årets sesong. I løpet av dei fem største vekene (til og med veke 26) vart det i 2016 sesongen fanga 131 laksar med ei samla vekt på 749 kilo. Ein skilnad på 378 kilo.

Bra start

Årets sesong starta ikkje fullt like bra som fjorårssesongen, men det var ikkje mykje som skilde. I løpet av dei fem første vekene i 2018 sesongen vart det landa 1012,3 kilo laks, mot 1295,4 kilo i 2017-sesongen.

Lita elv

Ein grunn til skilnadane frå år til år har sjølvsagt samanheng med vassføringa i Eidselva. I starten av denne sesongen var elva bortimot ideell, både i høve temperatur og vassføring. Etter kvart som sommaren kom over oss, utan nemneverdig nedbør, er elva no så lita at det er på grensa til at fisket kan halde fram.

Mindre snittvekt

I løpet av dei seks fyrste vekene i 2017 vart det landa 100 storlaks, over sju kilo, med ei samla vekt på 866 kilo. Tilsvarande tal i årets sesong er 67 laksar med ei samla vekt på 603 kilo. Det betyr ei snittvekt på storlaksen på ni kilo. Tilsvarande tal for 2017 8,6 kilo i snitt.

Ser ein snittvekta på den samla laksefangsten, så er den på 5,7 kilo i inneverande sesong, mot 6,3 kilo i rekordsesongen i 2017.

Må få nedbør

Dersom årets sesong skal kome opp mot fjorårets er ein heilt avhengig av at det kjem betydeleg mengder nedbør. Dette er også viktig for laksen sine moglegheiter til oppgang til gyteplassane. Slik meldinga ser ut i dag, er det ikkje truleg at det blir dei store mengdene nedbør dei nærmaste veka. Statistikken viser at det er ein dramatisk nedgang på fanga laks i den siste veka det er registrert fangstrapport.

Aure

Fisket etter sjøaure skil seg ikkje særleg ut for dei to siste åra. I 2017 vart det tatt 30 aurar med samla vekt på 51,7 kilo. I år er tilsvarande tal. 27 med ei samla vekt på 49 kilo.