Det seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal som i helga hadde dei to første store riggedagane for å få på plass alt til sommarens store høgdepunkt på Nordfjordeid–Malakoff Rockfestival.

–Eg meiner bestemt at vi har lagt ein god logistikk for å at arbeidet med rigginga av festivalområdet skal gå så smertefritt som mogleg. Tilkomst er her eit nøkkelord. Når dei ulike gruppene kjem for å gjere jobben, er det avgjerande viktig at alt er på plass, seier festivalsjefen som har fleire ny ting på gang under årets festival.

Auka kapasitet

–For det første kjem vi til å auke toalettkapasiteten i år. Vi har bytta ut toalettcontainerane som vi tidlegare har nytta med moderne toalett. No kan dei som har trong for eit toalettbesøk opne ei dør og gå på toalettet. Denne type toalett blir brukt på festivalar i Sverige og USA, og vil kome spesielt kvinner til gode, seier festivalsjefen.

Tre scener

Nytt av året er også at «SommarLutt» flyttar inn på sjølve festivalområdet.

–Det betyr at vi set opp ei tredje scene, som NRK Sogn og Fjordane kjem til å nytte på torsdagen, og som festivalen kjem til å nytte dei andre festivaldagane, seier Arnt-Ivar Naustdal som er grådig imponert over det arbeidet lag og organisasjonar legg ned for å få festivalområdet til å stå på best mogleg vis for festivaldeltakarane.

Viktig inntektskjelde

Då Fjordabladet besøkte festivalområdet søndag ettermiddag var skigruppa i Stårheim IL i full gang med å reise alle telta som skal nyttast under festivalen, og inngangspartiet. Også fotballgruppa til Eid IL jobba på spreng med å sette opp 3,5 kilometer med gjerde.

–Stårheim IL si skigruppe er det no sjuande året vi er med å sette opp telt og inngangsparti. Det betyr at vi har opparbeid ein viss rutine. Normalt brukar vi ein dag på å sette opp og få på plass alle telta, og ein halv dag på å rigge dei ned att, seier leiar i skiskyttargruppa Nils Magne Nedreberg, som har 20–30 frivillige frå skigruppa med på jobben.

–Skigruppa i Stårheim IL har gjort store investeringar på nytt anlegget i Hjelmelandsdalen, så for oss er jobben vi gjer for Malakoff Rockfestival ei viktig inntektskjelde, seier Nils Magne.

Aukar kapasiteten: – Under årets festival har Malakoff Rockfestival lagt om og auka toalettkapasiteten, seier Arnt-Ivar Naustdal. Foto: Tormod Flatebø
Gjerde: Fotballgruppa i Eid IL har ansvaret for å sette opp 3,5 kilometer med gjerde på festivalområdet. Foto: Tormod Flatebø
Lys: Plassen er eit fantastisk område. Her blir det strekt vaierar der lysa skal festast. Foto: Tormod Flatebø
Gode pengar:–Inntektene Skigruppa i Stårheim IL får for å rigge opp alle telta og inngangspartiet, er den største enkeltinnteksposten i rekneskapen vår, seier Nils Magne Nedreberg. Foto: Tormod Flatebø
Endå eit telt: Medlemmer av Skigruppa til Stårheim IL er klare til å sette opp det siste av mange telt. Nær på tretti frivillig er med på arbeidet. Foto: Tormod Flatebø
Tredje scene: Her forklarar festivalsjefen kor den tredje scena skal plasserast. Foto: Tormod Flatebø