–Det vi har fått til i Måløy har etter kvart blitt godt mottatt. Det hadde vore spennande om vi kunne fått til noko tilsvarande på Nordfjordeid. Gje meg ein vegg så fiksar eg kunstnarar og dekkjer det det kostar, seier Tone som har vore i kontakt med ordførar Alfred Bjørlo, som har tent på ideen.

–Det hadde vore veldig kjekt om vi hadde fått til noko liknande på Nordfjordeid. Utfordringa er å finne ein vegg som passar, og ein eigar av veggen som er positiv til det Tone tenkjer. Personleg kunne eg tenkt meg nordveggen på Rådhuset som vender mot «Kala-bygget». Sjølv om det er mitt forslag, så kan ikkje eg ta avgjerd. Det er det andre i kommunen som må gjere, seier Bjørlo som er open for andre gode forslag.

Fjording og vikingar

–Kva motiv tenkjer du deg når det gjeld Eid?

–Eg trur det er viktig at lokal historie er ein del av motivet. For Nordfjordeid og Eid vil det vere både fjording og vikingar, seier Tone Andal.

Må skje raskt

Sjølv har Tone Andal trakka litt rundt og funne ein vegg som ho gjerne kunne tenkt seg å få nokre av kunstnarane ho har kontakt med til å dekorere.

–Mellom restauranten Aske og naboeigedomen er det ein open plass med uteservering. Murveggen er heilt utan vindauge, og eignar seg såleis utruleg godt. I tillegg meiner eg at det ville bidra til å gjere Eidsgata endå meir attraktiv. Dersom vi skal få det til må vi få ei rask avgjerd. I månadsskiftet juli/august kjem det to nederlandske gatekunstnarar på besøk. Dette er gatekunstnarar som har heile verda som arbeidsplass. I tillegg til å måle større motiv på husveggar og liknande, målar dei også på lerret. Med andre ord så er dette ettertrakta kunstnarar, seier Tone Andal som understrekar at ein har kort tid på å bestemme seg om det kan vere noko for Nordfjordeid.

Refvik

I tillegg til at det skal lagast fleire gatemåleri i Måløy, der eitt som illustrerer dei industrielle båtbyggjartradisjonane i kystbyen, skal det også lagast veggmåleri i bygda Refvik, der ein del hus har ein halv meter tjukke betongmurar mot dalen. Her skal målarane fortelje historia om den store brannen som nær utsletta Refvikbygda på 1800-talet.

God ide: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) tente på ideen frå Tone Andal om gatekunst på Nordfjordeid. Foto: Tormod Flatebø