Dette seier trafikklærar John Ingvald Myklebust. Sommaren er ein periode då mange foreldre har ekstra tid til øvingskøyring, men også ei tid som kan vere prega av stress i samband med ferieturar.

John Ingvald Myklebust kjem med ei oppmoding til foreldre, som sjølvsagt ikkje berre gjeld ferietida, men som er like gyldig året rundt.

– Gje ros, ikkje ris. Ta det heilt roleg og heller prøv igjen på det som ikkje fungerer. Det er svært viktig å halde ein god tone i bilen, seier han.

Myklebust oppmodar også foreldre om å planlegge øvingskøyringa saman med son eller dotter.

– Ein bør avtale kor mykje tid ein skal bruke, og kva ein skal øve på. Etter øvingskøyringa bør ein ta ei oppsummering. Det å evaluere kva ein har gjort og vise sjølvinnsikt er veldig viktig, meiner Myklebust.

For at ein ikkje skal øve inn for mange «unotar» bør ein ikkje vente for lenge før ein tar kontakt med autorisert trafikklærar.

– Ein bør ta nokre få køyretimar som 16-åring. Her kan foreldre gjerne sitje på. Det vil vere lærerikt for begge partar. Ein trafikklærar har ein mal for kva som skal seiast og gjerast, og det vil dei aller fleste få god nytte av i vidare øvingskøyring, seier John Ingvald Myklebust.

Han meiner at ein bør vere ferdige med all opplæring eit halvår før ein skal køyre opp.

– Det siste halvåret bør brukast til mengdetrening bak rattet. Det er med køyring som med alt anna; det du øver mykje på blir du god til, seier Myklebust.

Rosar ungdom

Han er glad for at talet trafikkulykker med ungdom bak rattet har gått kraftig ned dei siste åra.

– Det er ikkje berre betre bilar, betre vegar og betre trafikkopplæring som er årsaka til dette, sjølv om mange trafikklærarar gjerne meiner at sistnemnde faktor er aller viktigast, ler Myklebust.

Han skreiv sjølv kandidatoppgåve om ungdomsulykker i 2009. I undersøkinga svara flest respondentar at synleg politi ville vere eit godt verkemiddel.

– Eg trur synleg politi har stor innverknad. Elles må det nemnast at det er menn som er årsak i dei fleste alvorlege ulykkene på vegane. Men no er kanskje 40-åringane verst. Dei har tatt igjen dei yngste, seier John Ingvald Myklebust.