Namn: Kari Standal Pavelich

Alder: 58 år

Bustad: Løkjastranda 39, Haugen

Familie: Gift, seks barn

Kjæledyr: Ingen no, men har hatt både katt og hund

Yrke: Operasjef

Bil: Volvo V50 og Volvo XC60

Kva planar har du i sommar?

– Vi held på med ei alvorleg stor oppussing, så no er det kaos i heimen. Elles får vi besøk av Alexander, svigerdotter og to barnebarn i to veker rundt Malakoff. Det blir også ein del fjellturar. Nyleg var eg på Saksa i Hjørundfjorden saman med Kari Bergset. Ein spektakulær tur. Den andre veka i august skal eg til Ålesund der eg er leiar for den årlege orkesterskulen. Det er tiande året eg er med på den.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Frå barndommen er det på Standal i Hjørundfjorden og på Grodås, med fisking, hesjing og bading. Med eigen familie er det heime, gjerne på Løkjastranda i fint vêr.

Favorittmat om sommaren, og kven lagar den?

– Akkurat no har vi ikkje kjøken. Det skal stå klart om nokre få dagar. Men som så mange andre så likar eg grillmat. Det er Christopher (son) flink til. Eg lagar også ein brukbar pizza. Om sommaren likar eg best litt lettare mat, gjerne noko med salat til.

Har du nokre hobbyar?

– Eg går jo mykje på tur, både i fjellet og rundt om på Haugen. Gjærbakst er noko eg synest er kjekt å drive med, og så er eg hobbyfrisør og klipper framleis dei fleste i familien.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er ganske god til å rydde og organisere og å samarbeide med andre. Det eg er dårleg til er jo veldig mykje, men eg kan nemne brettspel. Sånne som tar seks timar å spele. Det elskar Michael og ungane. Eg klarar ikkje å sitje stille så lenge, maks eit par gonger om året.

Beskriv deg sjølv med tre ord.

– Blid, arbeidssom og skravlete.

Noko du engasjerer deg for?

– Det siste året har eg vore oppteken av diskusjonane rundt innvandring. Ein må sjå på dei som kjem som ressursar. Vi må hugse på at vi har det utruleg bra, og at vi har flaks som veks opp i Norge.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Viss det var for resten av livet, må jo det bli mannen min. Då måtte han jo blitt naturmenneske, noko som ville vore fint for både meg og han.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Med éin million ville eg betalt ned på gjeld og spandert på barna. Med mange millionar ville eg funne nokre gode føremål å gje til. Til dømes at folk får reint vatn og skulegang. Det ville vore fantastisk.

Kven vil du gje ein blome til?

– Olga Pavlova. For det ho har gjort for barn og unge i kulturskulen, blant anna tre av mine barn. Ho er ein engel på jord. Alltid blid og energisk, og elskar elevane. Går vi ut av Eid kommune ville eg gjerne gitt ein blome til mor mi på 89 år.

Kva synest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Eg er evig optimist. Som så mange andre skulle eg helst sett heile Nordfjord samla, men no må ein gjere det beste ut av det som er bestemt. Stad vert ein flott og attraktiv kommune.

Kva meiner du om at Eid skal bli cruisedestinasjon?

– To ting. Det eine er turismen, som er veldig spennande. Det andre er miljøet og forureining, her må kommunen sørge for at miljøomsyn står høgt oppe på lista.

Kva er den beste sommarlåten i 2018?

– Eg høyrer nesten berre på NRK Klassisk, så det er eit vanskeleg spørsmål. Men «What a Wonderful World» med Sam Cooke blei spelt enormt mykje i heimen i samband med øvingane til avslutninga på vidaregåande, så eg får seie den.

Korleis ser du føre deg framtida?

– Eg trur ikkje det er aktuelt å skifte jobb, så vi skal halde fram med å setje opp kjekke produksjonar og bestillingsverk og få med mange barn og unge. Dei veks som menneske av å vere med på slike oppsettingar. Det er ei ballast som er god å ha med seg vidare i livet, uansett kva ein skal drive med.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– No pussar vi jo opp på Løkja, så det er jo der vi vil bu. Men viss vi skulle flytte, kunne eg tenkt meg ein stad nær sentrum med utsikt og mykje sol, medan Michael helst ville budd midt i sentrum!