Det var ein rørt Djupedal som deltok då riksantikvar Jørn Holme stod for sjølve avdukinga laurdag ettermiddag.– Eg har vore veldig opptatt av at det skulle vere ei fin oppleving rundt det, og det vart det. Vi fekk til og med laga skilt i all hast, og alt vart veldig bra, seier Djupedal.Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, stod for fanfaren. Her var korsong, og Selje-ordførar Stein Robert Osdal, riksantikvar Holme og initiativtakar Djupedal frå Venner av Selja kloster sa nokre ord.– Det var nydeleg vêr og eg stod der med ei god kjensle, smiler Djupedal.

Omdiskutert

Plasseringa av merkesteinen har vore omdiskutert.– Alt før er no gløymt. No står han der, og alt er i orden. Vi har fullført to gode og viktige prosjekt; Sunnivastatuen og Olavssteinen, og vi har tru på at begge deler er av verdi for samfunnet. Olavssteinen fortel historia om alle Olavane vi har hatt her, og sett i samanheng. Det trur eg set Selja på kartet, seier Djupedal, som no er glad for  ha kome i mål.– Det er mykje dugnad som ligg bak, både frå han som gav oss steinen, han som gav oss tomta, han som graverte steinen, han som sette den på plass og alle andre som har bidrege med smått og stort. Opp i det heile har det nesten ikkje kosta oss ei krone, fortel han.

Olavssteinen vart høgtideleg avduka på Selja laurdag. Foto: Anna Kjemphol
Olavssteinen vart høgtideleg avduka på Selja laurdag. Foto: Anna Kjemphol
Olavssteinen vart høgtideleg avduka på Selja laurdag. Foto: Anna Kjemphol