Trafikkulykke på Indre Røed:

Bil køyrde av vegen

Ingen vart alvorleg skadde då ein bil køyrde av vegen på Rv. 15 på Indre Røed måndag ettermiddag.

Det var på Rv. 15 ved Indre Røed på Stårheim at ein personbil køyrde av vegen fredag ettermiddag.   Foto: Yngve Tolaas

Nyhende

Politiet melde om ulykka klokka 16.53 måndag. Naudetatane rykte ut til ei trafikkulykke på Indre Røed på Stårheim i Eid kommune.

Ein bil hadde køyrd av vegen. Ingen personar var fastklemde.

Det var ein personbil med to personar om bord som var involvert i ulykka. Det er snakk om mindre personskadar.

Trafikken blir dirigert på staden. Eitt køyrefelt er ope, og det er kort ventetid.