Hamnesjef Jostein Mykland ønskte dronninga velkommen, og i forbifarten sa ho hei til Mathea (11) og Magnus Haukås Skårhaug (7), som tolmodig hadde venta på at dronninga skulle kome til Nordfjordeid.

– Vi ville gjerne sjå dronninga, vi har ikkje møtt henne før, seier dei to til Fjordabladet. Saman med mamma Marte Haukås har dei tidlegare på dag vore av stad for å sjå på Kongeskipet.

Dronninga er på veg til Selje og jubileumsfeiringa der, og hadde ingen offisielle oppdrag her i Eid. Ho kom direkte til småbåthamna der ho gjekk frå bilen, ned landgangen og over i ein mindre båt som frakta henne ut til Kongeskipet.

Det er tradisjon for at når kongelege kjem til ei hamn, så skal dei bli møtte av ein representant for hamnemyndigheitene.

Hamnesjef Jostein Mykland stilte i full uniform, og også han tykkjer det er litt stas å få helse på dronninga. Heller ikkje Mykland har møtt henne før, men han tok for nokre år sidan imot kronprinsparet då dei vitja Nordfjord.

Hamnesjef Jostein Mykland er klar til å ta imot dronninga. Foto: Anna Wuttudal
Martin og Mathea trenar på å helse, bukke og neie, for å vere førebudd dersom dronninga tek seg tid til å stoppe opp for å slå av ein prat.
Dei ventar også på dronninga.
Endeleg kjem bilen.
Og dronninga er på veg.
Dronning Sonja blir ønskt velkomen av hamnesjef Jostein Mykland.
Mathea og Magnus fekk eit lite hei i forbifarten.
Både Jostein, Magnus og Mathea er godt fornøgde med dagen.