Kommunedelplanen for kulturarv prioriterer Eidsgata/Tverrgata som eit av dei utvalde kulturminna i Eid, og planen peikar på at desse kulturverdiane må sikrast for framtida. Med bakgrunn i dette stiller Arild Nøstdal, Venstre følgjande spørsmål til ordføraren:

Kva verkemiddel rår ein over, og kva tiltak kan eventuelt setjast i verk overfor private huseigarar for å motverke bygningsforfall i Eidsgata?

Svar frå ordføraren:

Handlingsdelen til kommunedelplan for kulturarv gjer greie for fleire aktuelle verkemiddel med sikte på bruk og vern av kulturminne. Planen viser også til verktøy for å identifisere kulturminne, tilgjengelege kunnskapsbasar og økonomiske verkemiddel. Eit viktig tiltak i 2018 har vore etableringa av eit kulturarvteam. Dette teamet består av representantar frå fleire kommunale avdelingar, Eid Sogelag og Nordfjord folkemuseum. Teamet kan, saman med fagansvarleg for kulturminne, gje råd  knytt til bruk og vern av bygg. Teamet sitt mandat er mellom anna å vere uttalepart i saker som omhandlar riving/endring av bygningar som ligg innanfor Riksantivaren sitt NB!register og er regulert til bevaring og vern. Teamet skal også kome med innspel der ein er blitt merksam på at eit kulturminne er utsett for fare/forringing.

Kulturarvteamet hadde møte 7. mai 2018, då var dei mellom anna på synfaring i Eidsgata og Tverrgata. Det vart registrert 5 bygg med lite tilfredsstillande vedlikehald (manglande maling, rote treverk, knuste vindauge mm). To av bygga er så dårlege at det etter teamet si vurdering bør gjennomførast strakstiltak. Kulturarvteamet har oppmoda planavdelinga om å følgje opp med pålegg om sikring/utbetring av desse bygga.

Planavdelinga sitt tilsynsarbeid vert priortiert med grunnlag i tilsynsplan. Kommunen utarbeider årleg ein tilsynsplan med mål og strategiar for gjennomføring av tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Tilsynsplanen er godkjend av teknisk- og samfunnsutvalet.

Eid kommune har som målsetjing å opne tilsyn i saker som gjeld:

· Rehabilitering, reparasjon og endringar av SEFRAK-registerte bygg i Eidsgata og Tverrgata

· Farlege eller skjemmande bygg

· Ulovleg bruk av bygg der det ikkje er søkt om ferdigattest eller mellombels bruksløyve

· Tilsyn med masseuttak i høve til gjeldande reguleringsplan

· At krav til utdanning og praksis er oppfylt i føretaka.

· At krav til produktdokumentasjon av byggevarer er oppfylt

Det er altså plan- og bygningslova som styrer kommunen sine fullmakter knytt til pålegg om utbetring, bevaring  og sikring av bygg.

Krav til arbeid på eksisterande bygg går fram av pbl § 31-1: «Ved endring av eksisterende byggverk, oppussing og rehabilitering skal kommunen se til at historisk, arkitektonisk eller annen kulturell verdi som knytter seg til et byggverks ytre, så vidt mulig blir bevart. § 29-2 gjelder tilsvarende.»  Kommunen har heimel for å kome med pålegg om dokumentasjon og utbetring av bygg med bevaringsverdi. Sakshandsamingsreglane går fram av byggesaksforskrifta og prosessen kan oppsummerast slik:

• Kommunen kan krevje dokumentasjon (med rimelig frist) og føre tilsyn der det kan vere aktuelt med pålegg

• Kommunen skal tilby førehandskonferanse

• Eigar skal ha høve til å fremme alternative forslag om bruk og utbetring

• Før pålegg vert gjeve, skal eigar eller den ansvarlege ha varsel om pålegg med minst 3 veker uttalefrist

• Det kan deretter gjevast pålegg om utbetring med rimeleg frist. Fristen skal kunne forlengast

• Kommunen kan gje pålegg om umiddelbar sikring dersom det er fare for brann, hærverk eller liknande. Slikt pålegg kan gjevast utan førehandsvarsel

Kommunen må også gjere ei eiga vurdering av om det er heimel for å gje pålegg:

• Kommunen må slå fast at det er eit bevaringsverdig bygg

• Kommunen må fastslå at bevaringsverdien er høg

• Det må føreligge klart forfall

• Det må eventuelt vurderast behov for pålegg om umiddelbar sikring

• Kommunen må vurdere kostnadane ved utbetring, eigedommen sitt innteningspotensiale, den ansvarlege sin situasjon – både økonomisk og på annan måte

Omfanget av utbetringa avgrensar seg til det som er naudsynt for å sikre verneverdien

Pålegg kan klagast på.  Kommunen sine vurderingar av om det er grunnlag for å gi pålegg vil vere eit rettsanvendelsesskjønn som kan overprøvast av domstolane. Kommunen kan fastsette tvangsmulkt for å få gjennomført pålegg om utbetring innan fastsatt frist. Den kan også gjennomføre pålagt utbetring for eigar si rekning etter forutgåande førelegg.

Tilsynsarbeid er svært ressurskrevjande. Tilsynsplanen si målsetjing er å føre tilsyn på 10 % av byggesakene i 2018. Dette omfanget ligg innanfor det som er realistisk sett opp mot dei tilgjengelege ressursane på byggesaksområdet.

Tilsyn med kulturminne og bevaringsverdige bygg er eitt av fleire område der kommunen ideelt sett burde nytta meir ressursar. Det er er difor naturleg at ein vurderer den viktige problemstillinga Arild Nøstdal  i budsjettprosessen for 2019, og ser på om det er mulig å få auka trykk på dette arbeidet innanfor ei samla budsjettprioritering.

Det er også viktig å sjå på om ein kan løyse desse oppgåvene betre enn ein har kapasitet til i dag når ein legg opp organiseringa for nye Stad kommune, jmf orientering frå Rådmannen om planane for ny organisasjonsstruktur.