Det var strålande sol og 25–29 grader. Turen starta frå Stårheim kl. 9 med bussjåfør Håvard Orheim. Då alle var komne på bussen var vi 29 stykk. Den siste kom på på Hjelle. Andor Smørdal yngste oss velkomen.

Oppe i Skredestranda fortalde Einar Haugland frå då han jobba i vegvesenet. Henrik Stokkenes hadde ord for dagen. Det var eit fint dikt han hadde skrive. «Dalen vaknar», heitte det.

Vi song så to vers av «No livnar det i lundar».

I Stryn hadde vi ein kort pause. Seinare på turen fortalde Einar «stubbar» om ting som hadde vore.

Vi hadde kaffipause på Yrineset. Der møtte Svein Yri og fortalde frå staden. Der var veldig fint tillaga, og staden er mykje brukt til slutta lag. No er det etterkomarane som driv der.

Vi køyrde vidare. Såg kva Olden-vatn på flaske kom frå. Mellom anna såg vi ein foss med 240 meter fall. Den er visst ein av dei høgste i landet.

I Briksdalen stogga vi. Vi var nokre som sat på ein Trollbil og køyrde oppover i skogen. Dei sprekaste av oss gjekk inn til vatnet og såg breen, då bilen ikkje kunne køyre lenger.

Middag var det på kafeen. Der kom ein mann og fortalde frå staden. Eg forstod det slik at det var i 1969 dei gjekk over til turisme. Det brukte å vere 200–300 hundre tusen i året. Så no var det berre nokre få som dreiv med geiter. Ungdomar frå bygda brukte og jobbe der som sommarvikarar.

I 15-tida reiste vi derifrå. Innvik, Utvik og Utvikfjellet. På fjellet hadde vi meir kaffipause og mat. Sjåføren fortalde vitsar. Og både Andor og Einar fortalde historier. Henrik las eit dikt: «Mitt hjarte».

I 17.30-tida kom vi til Eid. Vi hadde ein fin tur, så eg trur alle var fornøgde.

Turkos: Dei som var med Eid Støttelag for funksjonshemma på tur koste seg på Yrineset. foto: Privat