Dei to legg vekt på at ein av dei tøffaste overgangane i livet er frå ungdom til vaksen, og at det ikkje er uvanleg å kjenne på uro.

– Det er viktig å snakke om psykisk helse. Å ta barn og unge på alvor, meiner Tomasgard. Ho forklarer at når dei får inn ein ungdom som slit til samtale, gjer dei først ei kartlegging. Ofte kan det vere nok med nokre samtalar. Dei som treng oppfølging frå anna instans, vert henvist vidare.

– Dekk grunnleggande behov

Tomasgard peikar på noko så enkelt som at dei grunnleggande behova må dekkjast. Og her kan foreldre bidra. Foreldrerolla bør ein ikkje gje slepp på, sjølv om barnet har blitt ungdom.

Som for mindre barn handlar det også for ungdom om riktig ernæring, nok søvn, fysisk aktivitet, sosial kontakt og nærvær av omsorgspersonar. Ungdommen er avhengig av å utvikle seg i relasjon med andre.

– Bygg sjølvtillit

– Foreldre og andre vaksne har eit ansvar. Like viktig som mat og ernæring er det sosiale kring eit måltid. Det er viktig å samlast til ein prat kvar dag rundt kjøkenbordet.

– Det å bli snakka ned er det verste. Den beste investeringa er at barnet blir sett og bekrefta og får bygt opp sjølvtilliten. At ein ikkje er fordømmande. Foreldre må uansett framsnakke barnet sitt. Vise at ein er glad i dei og vise at ein set pris på dei, men det er lov å setje grenser, understrekar Linda Gotteberg.

– Klem og ta på ungdommen din. Også dei store gutane våre treng fysisk kontakt. Det er viktig å vise at det er kjekt å vere i lag, og at ein er interessert i det som opptar ungdommen. Ser du at han er lei seg, så spør og ta det på alvor. Er dei sinte, så er det som regel noko som ligg bak.

Tidleg innsats

Ungdataundersøkinga viser mellom anna at ungdom i Eid scorar relativt høgt på einsemd, men at dei fleste oppgir at dei har ein nær venn. Gotteberg peikar på at ein kan kjenne seg einsam, sjølv om ein er med i ein gjeng.

– Ungdomsåra er utfordrande. Ein god del slit, men mange er innanfor det som er normalen. Med tidleg innsats kan det å bli sett og følgt opp vere nok til å unngå meir djuptgåande problem.

– Ungdommen kan vere uroleg for framtida. Det er så mange val som skal gjerast, det kan vere stressande. Det er til dømes ikkje sjølvsagt at du kjem inn på den skulen du ønskjer.

Tøff overgang til vaksenlivet

– Overgangen til ungt vakse liv er veldig tøff for mange, og tankar og kjensler kan vere i ulage av og til, forklarer Tomasgard og Gotteberg. Deira viktigaste råd til foreldra er å vere tilgjengelege på ungdommane sine premissar, vere der når ungdommen sjølv er klar til å prate. – Vis interesse og vis at du er glad i dei.