Saman med nær 300 deltakarar frå heile landet stiller Sara Sandvik Arnestad opp på UKM landsfestivalen i Trondheim, 25. til 29. juni.

Ho skal framføre sin eigen dans «In This Shirt». Sara gjekk først vidare til fylkesfestivalen i Høyanger, og så blei ho plukka ut til å representere fylket saman med 17 andre frå Sogn og Fjordane under landsfestivalen.

Sara skal i elden med sin dans på ettermiddag/kveld onsdag 27. juni.

UKM er både framføring frå dei ulike deltakarane, i tillegg til workshops og mykje anna program under UKM-veka.

Steffen Heggen Starheim frå Eid er med i UKM media, og skal ta bilde under festivalen.