– I kommunen har vi eit rikt idretts- og kulturliv der mange av dei disponerer bygg og anlegg som til tider er krevjande å halde ved like. Selje kommune gjenninnførte ordninga med kulturmidlar i arbeidet med budsjettet for 2018. Vi sette av 100.000 kroner til dette formålet øyremerka drift av laget etter visse kriteria. Denne ordninga gjev ikkje moglegheit for støtte til bygg og anlegg, fortel ordførar Stein Robert Osdal.

Nødvendig

For å gi nødvendig handslag til det frivillige arbeidet i kommunen opprettar kommunen no ei ny støtteordning for bygg og anlegg som ikkje fell inn under kriteria for tildeling av kulturmidlar. Med full støtte frå Selje kommunestyre set ein no av 100.000 kroner til dette formålet. Søknadsfristen er sett til 1. oktober. Tildeling av desse midlane vert gjort av formannskapet.

Rettferdig

Bakgrunnen for dette vedtaket er søknadar frå Golfklubben i Selje og frå Ungdomslaget på Stadlandet. Begge søkte om midlar til opprusting av anlegg og bygg.

– Selje kommune kunne valt og seie nei til desse søknadane, eller med å seie ja og då finansiere dette frå disposisjonsfondet. Kommunen ønskjer å skape ei rettferdig ordning der alle kan søkje innanfor visse kriteria og innanfor ein gitt tidsfrist. Dette gir ei føreseieleg og god ordning for våre lag og organisasjonar i kommunen, meiner Osdal.